Nytt forslag om søndagsope frå Venstre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foreslår løysing på søndagsfloka

Regjeringa ønskjer å opne for søndagsopne butikkar, men KrF er sterkt imot dette. Venstre har hittil meint at kommunane sjølv må få bestemme om dei skal ha søndagsopne butikkar eller ikkje.

LES OGSÅ: Hareide rustar til søndagsslag

I dag har kommunar som er definerte som «turiststadar», unntak frå forbodet mot søndagsope. I det nye forslag foreslår Venstre-leiar Trine Skei Grande at kommunane sjølve bør overta ansvaret for å bestemme kva som skal vere turiststadar, etter bestemte kriterium, skriv Aftenposten.

Grande erkjenner at dette er langt frå det standpunktet Venstre har i sitt program.

– Høyringa har vore soleklar på at ein ikkje ønskjer noko generell opning. Det har heller ikkje Venstre vore for. Men vi har også møtt motstand mot å flytte meir makt til kommunane, seier Grande til avisa. (©NPK)

LES OGSÅ: Fryktar søndagsopne butikkar vil svekkja distrikta