Nynorskhelvete i dialektparadis

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I arbeidet med den komande boka «Språkleg toleranse i Noreg – Norge for faen!» Øystein A. Vangsnes mellom anna nytta Twitter, internettforum og kommentarfelt som bakgrunn for å skrive om den språklege toleransen i Noreg i dag.

LES OGSÅ: Ivar Aasen toppa på Twitter

Større spenn hjå søta bror
På nettet har språkvitaren funne mange døme på språkleg intoleranse, spesielt knytt til nynorsk og samisk, men òg til kjente personar sin dialektale talemåte i radio. Likevel er dialekttoleransen høg i Noreg, ifølgje Vangsnes.

Han peikar på at dialektar si stilling i det offentlege rom i Noreg er spesiell, samanlikna med andre europeiske land.

– I Frankrike vert ein ikkje teken seriøst om ein talar dialekt. Det er eit døme på eit land med liten aksept for språkleg variasjon, ein kan ikkje tale dialekt ved kateteret på eit universitet eller i parlamentet, fortel Vangsnes.

Noreg har eit mangfald av dialektar, men det er me slett ikkje åleine om. Søta bror har faktisk eit vel så stort spekter.

– I det svenske språkområdet har dei faktisk større variasjon og større avstand mellom ytterpunkta av dialektar. I visse tilfelle kan ein like gjerne snakka om ulike språk. Mange stader vekslar ein difor framleis mellom eit lokalt talemål og standardsvensk, fordi dei må det for å verte forstått.

QUIZ: Er du god i svensk og dansk?

Språkstorm i Finland
Vangsnes har òg merka seg den aggressive språkdebatten som har blussa opp i Finland den siste tida. Der det er sterk motstand mot å lære svensk i skulen. Debatten har eskalert så mykje at personar som nyttar svensk i det offentlege rom vert sjikanert og truga på livet.

– Det er mykje av dei same tankane og haldningane som går att i vår sidemålsdebatt, om at det er bortkasta, at det står i vegen for anna språklæring og at det er tvang. At det er ulike typar språk, men same argumentasjon tyder på at det ikkje handlar om språk men manglande toleranse for og verdsetjing av ein minoritet. Debatten om svensk i Finland er sidemålsdebatten vår blåst ut av proporsjonar, seier Vangsnes, og legg til:

– Me ser ofte på Finland som eit føregangsland. Det er dei òg når det gjeld lovgjeving om språk. Kanskje har desse lovene som har demt opp for dei haldningane som kjem fram no?

LES OGSÅ: Tospråklege er flinkare til å fokusere

Økonomisk nytteverdi
Han meiner likevel ikkje at situasjonen her heime er heilt rosenraud.

– Språkmangfald heng delvis saman med kulturelt mangfald, og synet på verdien av kulturelt mangfald varierer blant folk og mellom dei politiske partia, forklarar Vangsnes, og utdjupar:

– Eg vil seia det slik at verdsetjinga av språkleg mangfald blir mindre di lenger ut på den politiske høgresida ein kjem, og det som til slutt står att, er stort sett verdsetjing av språkleg mangfald som kan koplast til økonomisk nytteverdi. Altså omtrent: Det å kunna fleire språk er greitt nok så lengje det er snakk om språk ein har bruk for i næringslivet. 

LES OGSÅ: NRK får skryt for meir nynorsk og dialekt

Dialektparadokset
I dialektparadiset Noreg er det ein ting som skurrar:

– Det er eit stort paradoks at i Noreg er det tøft med dialektar, men eit helvete med nynorsk, meiner Vangsnes.

Negative utsegn om nynorsk er noko han har merka seg ein jamn straum av på internett.

– Dagleg kjem det negative Twitter-meldingar om nynorsk frå bokmålsskrivande ungdommar, veldigofte jenter. Dette får nynorskbrukande ungdommar med seg. Det er indirekte mobbing av nynorskelevar og eg trur det er ein undervurdert faktor i problemet med målbyte, seier språkvitaren, som til dagleg held til på Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.

I boka kjem han med døme som: «Lærer deler ut ark på nynorsk. Elever: "HÆÆ, jeg skjønner ingen ting! Hva betyr "Tyder"? HJELP. Dette er ikke norsk, jeg nekter!», «Jeg får dysleksi av nynorsk» og «lese om samisk…PÅ nynorsk, herregud».

I helgar og feriar er det lågsesong for slike negative ytringar om nynorsk på Twitter.

– Ungdommar klagar over mangt og mykje, men eg har inntrykk av at det er mindre klager over til dømes matte. Det seier noko om at det er sosialt akseptert å slenge drit om nynorsk, meiner Vangsnes.

Han trur mangel på språkleg toleranse handlar om mangel på kunnskap.

– Når ein ikkje veit noko om eller forstår situasjonen for samisk og nynorsk, samt dei som nyttar det, ser ein berre saka frå sitt eige perspektiv.

– Jo meir ein lærer tidleg, jo mindre fordommar får ein. Den nye læreplanen, som seier at elevar skal få kjennskap til sidemål tidlegare er eit viktig tiltak.

LES OGSÅ: Den pubertale trusselen mot nynorsk

Samisk problem
Trass i problem med målbyte er ikkje språkvitaren uroa for nynorskens framtid i Noreg.

– Nynorsken står sterkt. Det lever i dag 6-700.000 nordmenn som har vakse opp med nynorsk som opplæringsmål. Språket har nasjonale kulturinstitusjonar, ein solid litterær tradisjon og mange av dei beste norske samtidsforfattarane skriv nynorsk. Og ikkje minst finst det eit lovverk som støttar nynorsken. Det skal mykje til for at nynorsken skal rasa saman på kort tid. 

Det som derimot uroar han er framtida for samisk.

– Tenk, i Noreg, Finland og Sverige til saman er det ikkje fleire talarar av nordsamisk enn det er av sognemål, altså av min norske dialekt!

Nordsamisk er det største av dei ni noverande samiske språka med kring 85-90 prosent av alle samisktalande.

– Heile den samiske språkgruppa har til saman halvparten så mange talarar som færøysk, det minste av dei sannkjente språka i den nordiske språkgruppa, fortel Vangsnes.

Nyleg hadde Tromsø ein opprivande debatt om dei skulle verte innlemma i forvaltningsområdet for samisk. Forslaget vart først vedtatt, for såå verte kasta av eit nytt borgarleg kommunestyre.

– Synleggjering av samisk er i grunn synleggjering av samar, noko som er viktig for denne minoriteten. Å rekruttere nye samisktalande born i byar er særs viktig, fordi i våre dagar bur det mange samar i byar og her ligg det eit viktig potensiale for å klara å vidareføre samiske språk, meiner språkforskaren.

LES OGSÅ: Stadig fleire studerer samisk