≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Media, språk, bergen, Språkåret 2013, Ivar Aasen

Nynorskbrukarar takkar BT

Bergens Tidende feirar Ivar Aasen med heile dagens avis på nynorsk. Sjefsredaktør Gard Steiro meiner at hovudstadsavisene bør opne opp for landsmål.   

Andrea Rygg Nøttveit
måndag 5. august 2013 12.15

Nynorskbrukarar takkar BT Sjefsredaktør i Bergens Tidende, Gard Steiro, meiner fleire hovudstadsaviser bør opne opp for nynorsk. Foto: privat

Bergens Tidende har vald å feire 200-årsdagen til nynorskens far med å gje ut heile avisa på nynorsk. Dette vart godt motteke i regnbyen.

– Eg har fått fleire positive reaksjonar enn kjeft, mange tykkjer det er eit gøy stunt og ein del nynorskbrukarar takkar meg, fortel Steiro. Sjefsredaktør Gard Steiro venta seg ein storm av sinte telefonar som følgje av nynorskstuntet den 5. august 2013, på dagen 200 år etter at Ivar Aasen vart fødd.

I kommentaren sin «Lenge leve spynorsken», skriv sjefsredaktøren at tre tema skapar lesarstorm i Bergen: bompengar, innvandring og nynorsk. A-endingar set kjenslene i sving i Vestlandets hovudstad.

Bergensar og SV-leiar Audun Lysbakken er mellom dei som lovprisar BT si feiring av Ivar Aasen. Leiaren i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, har planar om å kjøpe fleire eksemplar av dagens BT.
 

Ei god gåve
«Beste gåva Aasen og hans tapre tilhengjarar kunne fått», lyder ein av kommentarane under BT.no sin nettartikkel om stuntet i papiravisa. Fleirtalet av kommentarane på nett lovprisar tiltaket, medan ein lesar annonserer at han vil seie opp abonnementet sitt i dag.

«Vi skuldar han stor takk. Utan Aasen ville vi ha skrive halvdansk heile gjengen» skriv Steiro i kommentaren som lovprisar nynorskens far og hans born.

Steiro meiner at me ikkje har skjøtta arven etter Aasen godt, og peiker på at berre 13 prosent av grunnskuleelevane nyttar nynorsk som hovudmål. På vidaregåande er talet nede i 6 prosent. Hordaland er eit av fylka som slit med målbyte.

Sjefsredaktøren har bokmål som hovudmål, men dette er ikkje første gong han har skrive kommantarar i BT på nynorsk.  

Eg har jo hatt nynorsk på skulen, men eg må fram med den gule ordboka, fortel Steiro, som meiner at det å veksle mellom målformene gjer han til ein betre språkbrukar.

LES OGSÅ: Vil skapa nynorsk kraftsentrum i Bergen

Ansvar for språkleg mangfald
I formålsparagrafen til BT står det at bokmål er hovudmålforma, men at det skal opnast for nynorsk. Steiro kan fortelje at det dei seinare åra har vorte mindre nynorsk i BT, i takt med at talet på nynorskbrukarar har søkke.

«Dagens utgåve er ikkje eit signal om at lesarane vil finne meir nynorsk i spaltene framover, men ei påminning om at Bergens Tidende og andre institusjonar har eit ansvar for å ta vare på det språklege mangfaldet i åra som kjem,» står det i kommentaren.

Ofte vert den nynorske debatten forenkla til å handle om småting som om det skal stå Noreg eller Norge på landslagsdraktene. Eg skulle ynskje fleire aviser i dag debatterte nynorsk på ein skikkeleg måte, seier Steiro, som meiner at dei store avisene i hovudstaden med fordel kunne ha opna opp for nynorsk. 

LES OGSÅ: Urolege for bokmålstvang


Oppdatert: tysdag 6. august 2013 15.22
Kommentarar

Nynorskbrukarar takkar BT
Som ein takk til Ivar Aasen, er heile papiravisa til Bergens Tidende i dag på nynorsk. Foto: BT

Nynorskbrukarar takkar BT
På Narvesen i nynorskbyen Stord var det ingen eksemplar igjen av Bergens Tidende måndag ettermiddag. Bokmålsaviser og språkblanda aviser var det mange igjen av. Foto: Svein Olav Langåker

 
ANNONSE: