Nye Norway Cup klar til avspark

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det heile starta med 420 lag på Ekebergsletta i 1972. 44 år seinare er det i alt 2.199 lag påmelde i det som i dag blir rekna som den største fotballturneringa i verda. I fjor var det 1.639 lag, så turneringa veks framleis.

I år er det nokre forandringar i korridorane til Norway Cup. Frode Kyvåg, som har leidd den vekelange fotballfesten 39 av 44 gonger, har gjeve frå seg tittelen som Mr. Norway Cup til Tony Isaksen.

– Eg kjenner meg audmjuk når eg no har teke over. Det er ei stor og spennande oppgåve, seier den nye generalsekretæren til NTB.

– Når eg no har teke over, har det vore viktig å ta vare på det beste, og så har det vore viktig å utvikla turneringa i takt med samfunnet, legg han til.

Asyltiltak
Arrangementet byr i år på fleire nye tilbod. Mellom anna er det opna eit 2.200 kvadratmeter stort matland der familiar kan eta sunn mat og få gratis barnepass.

– Vi ønskjer eit alternativ til alle pølsene og hamburgarane, i tillegg til at familiane skal få ein skikkeleg pust i bakken, seier den nye Norway Cup-sjefen.

I eit utvida FN-samarbeid frontar fotballturneringa meir enn berre det å sparka ball.

– Kvar dag blir det nye føredrag og aktivitetar, mellom anna ein eigen jentedag. Søkjelyset er korleis ein skal inkludera fleire jenter i idrett og også hindra fråfall, fortel Isaksen.

I eit samarbeid med Bufetat og norske fotballklubbar har over 40 einslege mindreårige asylsøkjarar blitt plasserte i 20 klubbar som skal vera med i turneringa.

– Dette er unge som har gått frå Syria, gjennom Europa og har kome til Noreg. Så dette har vore eit viktig tiltak, seier Isaksen.

– Kostar meir enn det smakar
Nytt av året er også at kvar spelar må ut med 300 kroner for eit fordelskort. Det gjev tilgang til ei rekkje fritidstilbod og gratis kollektivreiser i hovudstaden. Men ikkje alle ønskjer dette tilbodet.

Leiar i Grüner Fotball i Oslo, Jon Hernæs, fortel til Aftenposten at utgiftene for å melda på lag i år blir dobbelt så høge som i fjor.

– Det er fint for dei som ønskjer det, men for oss kostar det meir enn det smakar. Det burde vore eit tilbod om å kjøpa dette kortet, meiner han.

Isaksen fortel at dei fleste tilbakemeldingane om fordelskortet har vore positive.

– Det gjer at lokale så vel som regionale lag får sjansen til å oppleva det som er av aktivitetar. Målet er at alle skal med, slår han fast.

Norway Cup ser elles ut til å få ei skikkeleg sklitakling i form av trafikkproblem på grunn av tunnelarbeid og togstopp rundt Oslo. Så for å få alle med, i alle fall så mange som mogleg, har Isaksen éi klar oppmoding:

– La bilen stå og ta T-bane til Brattlikollen eller trikk til Jomfrubråten viss du vil oppleva den magiske stemninga under Norway Cup i år. (©NPK)