Nye bustader lønner seg berre fem stader i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre lønsamt i dei store byane

Dei siste åra har byggjekostnadene auka så mykje at det no knapt er lønsamt å byggje nytt andre stader enn i Oslo og Akershus, Stavanger og Sandnes, Bergen, Trondheim og Tromsø.

Det viser utrekningar NRK har gjort, basert på tal frå Statistisk sentralbyrå og dei store bustadbyggjarane.

Høge byggjekostnader gjer at bustadseljarar i mindre byar eller på landet, sjeldan får att pengane dei har investert dersom han eller ho må selje.

– Kostnaden ved å byggje nytt ligg på rundt 32.000 kroner per kvadratmeter. Med ein slik kvadratmeterpris blir det vanskeleg å få selt bustaden utan tap i store delar av landet, seier Baard Schuman i Selvaag eigedom.

Sjeføkonom Jan Andreassen i Eika-gruppa fryktar resultatet vil bli for få bustader i distrikta.

– Eg fryktar at det i heile Noreg vil bli bygt mykje mindre enn det vi har behov for. Men spesielt der det er stort misforhold mellom bruktprisane som er låge, og dei høge nybyggingskostnadene som samfunnsutviklinga har påført oss, seier Andreassen. (©NPK)