Ny rapport: Treng ungdom rundt forhandlingsbordet

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Ungdom er det viktigaste verktøyet vi har for å forebygge og løyse konfliktar i verda, seier nestleiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Rode Hegstad.

I dag lanserte LNU rapporten I frontlinja: Ungdom, fred og sikkerhet, med ei klar oppfordring til norske myndigheiter om å sette ungdom høgare på agendaen i fredsbyggande arbeid.

– Dette utfordrar måten vi tenker på ungdom i konflikt, frå eit problem til sjølve løysinga for å skape ei fredelegare verd, seier Hegstad.

Ungdom må få bidra
Ho fortel til Framtida at ungdom ofte blir beskrive som mottakarar av fredsarbeid i staden for bidragsytarar. Ho meiner at det er svært viktig at ungdom blir høyrt og tatt på alvor.

– Ungdom har viktig kunnskap om kva dei treng og kva som vil vere ein god fred for dei. Ungdom utgjer ofte ein stor del av befolkinga, og at ungdom deltar i fredsforhandlingar er essensielt for at dei skal kunne bygge ein varig fred, seier ho.

Til dømes er 80 prosent av befolkinga i Somailia under 35 år, og Hegstad meiner at det er ei utfordring for legitimiteten til demokratiet dersom ungdommane ikkje vert medrekna i fredsforhandlingane.

Utveksle erfaringar og engasjement
Erfaringar frå arbeid i Colombia (SAIH) og i Libya viser at ungdom har mykje å bidra med, men Hegstad understrekar at det manglar kunnskap om kriteria og organisering for ungdomsdeltaking i fredsforhandlingar. Ein av anbefalingane fråi LNU-rapporten er at norske myndigheiter bidreg til ein internasjonal studie av ungdomsinkludering i konfliktsituasjoner

I tilleggg til lokalt engasjement frå ungdom i konfliktsituasjonar, ønsker LNU at også norske ungdommar skal få delta meir aktivt i demokratiske prosessar. Ungdomsorganisasjonen arbeider også for utveksling av kunnskap mellom ungdommar i nord og sør, mellom anna gjennom likeverdige partnerskap.

– Ungdom i Noreg kan også engasjere seg ved å bidra til å sette fokus på ei sak her heime, og LNU arbeider for at ungdom skal få ha reell moglegheit til å medvirke i eigne liv, seier Hegstad.

LES OGSÅ: OD-pengar til utdanning for unge i Nigeria