Ny bibel for rettskrivande

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På alle arbeidsplassar der folk skriv ein del, bør denne typen hjelpemiddel vere like sjølvsagde som ordbøker, seier Søyland.

Korleis var det igjen? Heiter det «Distrikts-Noreg», «distrikts-Noreg» eller kanskje «distriktsnoreg»? Og kan det vere rett å setje punktum etter punkt i ei punktliste? Det er blant spørsmåla du kan finne svar på i boka «Norske skrivereglar». Her finn du alt frå reglar om komma og bindestrek til råd om stor og liten forbokstav. Dessutan gir forfattarane tips om bruk av smilefjes – kanskje mest mynta på den litt eldre generasjonen – oppsett av brev og e-brev, universell utforming av nettsider og mykje meir.

Søyland og Fretland har som mål at det skal vere lett å finne svar på det du lurer på – mellom anna gjennom eit detaljert stikkordregister – dessutan at teksten skal vere lett å forstå.

LES OGSÅ: Grepstad: – Gjekk glipp av historisk sjanse

Ny språkbibel
Referansen ein ikkje kjem utanom i denne samanhengen, er «Skrivereglar» av Finn-Erik Vinje. Boka kom ut i første utgåve alt i 1973 og har sidan vore oppslagsverket å gå til for den som prøver å skrive korrekt norsk, enten det gjeld teiknsetjing, forkortingar eller anna.

– Da eg midt på åttitalet arbeidde i Språkrådet, så var det ordlistene og «Skrivereglar» av Finn-Erik Vinje som var biblane. Vinjes bok har vore nyttig for mange gjennom tidene, men eg syntest ofte det var litt vanskeleg å finne det eg var ute etter. Det står der, men det kunne vere vanskeleg å finne fram og finne det att. Derfor tenkte eg alt den gongen at eg ein dag skulle skrive ei slik regelbok sjølv, fortel Aud Søyland.

Medforfattar Jan Olav Fretland føler seg ganske sikker på at dei har fått til det dei ville: å gjere stoffet litt lettare tilgjengeleg enn hos Vinje.

– Det vi synest vi har fått betre til, er at vår bok er meir oversiktleg og lettare å lese. Reint typografisk har vi brukt nokre fleire verkemiddel og til og med drista oss til å bruke illustrasjonar nokre få plassar, seier han.

– Og så har vi jo ein eigen del om skriving på nett, noko som ikkje finst i Vinjes bok.

Forfattarsamarbeid
Både Søyland og Fretland har solid erfaring som språkfolk. Søyland har etter åra i Norsk språkråd arbeidd frilans som språkrettar, omsetjar, ordbokredaktør og kurshaldar. Fretland er førsteamanuensis ved avdeling for lærarutdanning og idrett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og var tidleg på 2000-talet leiar i Norsk språkråd. Begge har dei skrive fleire bøker om språk, og saman gav dei i 2013 ut læreboka «Rett og godt. Handbok i nynorskundervisning».

– Det var eg som byrja med dette prosjektet, men etter kvart spurde eg Jan Olav om han ville vere med. To hovud tenkjer som regel betre enn eitt, seier Søyland.

LES OGSÅ: Eit universalargument for nynorsk?

Semikolon og komma
Feil bruk av semikolon – som oftast semikolon brukt som kolon – er kanskje den feilen som irriterer språkrettaren mest. Men kommafeil er det ho ser mest av.

– At det ikkje går an å lære seg den enkle kommaregelen at det alltid skal vere komma etter ei som-setning! seier Søyland oppgitt.

– Viss ein kan dei to enklaste reglane – at det skal vere komma etter leddsetningar, blant anna som-setningar, og komma mellom jamstilte hovudsetningar – så kjem ein jo utruleg langt.

«Sær skriving»
Fretland synest for sin del at «sær skriving» eller særskriving – populært også kalla orddeling – er det mest irriterande, men òg faretruande utbreidd.

– Det er ei bekymring, for det gir så stort rom for innhaldsfeil. I butikkar og næringslivssamanheng er det forferdeleg mykje av det. Det er fareskilt med «Ananas biter» både her og der, seier Fretland.

– På ei kantine i staten stod det på eit stort skilt: «Røyk fritt», og da måtte eg jo spørje i kassa om dei hadde sigarar. Dagen etter var det retta til «Røykfritt», fortel han.

Fretland ergrar seg òg over rare og konstruerte forkortingar av typen «i.f.m.» eller «i.s.m», som visstnok skal bety «i forbindelse med» eller «i samband med».

– Det blir eit kodespråk som òg hindrar kommunikasjon. Og så er det jo slik i alle språklege samanhengar at dei som er svakast stilte på mange andre område i samfunnet, dei fell òg fortast av lasset i vår samanheng, seier Fretland.

LES OGSÅ: Fryktar fleire språknøytrale kommunar

Parallellutgåve
Til liks med Vinjes «Skrivereglar» kjem «Norske skrivereglar» ut parallelt på bokmål og nynorsk. Men eigentleg meiner Aud Søyland at den omsette parallellutgåva på bokmål burde vere overflødig.

– Skrivereglane er jo dei same på nynorsk og bokmål, og da burde det eigentleg vere greitt å gi henne ut berre på nynorsk. Men eg innser at marknaden ikkje er einig med meg i det, seier Aud Søyland.

– Det eg er mest spent på no, er om folk verkeleg opplever boka som brukarvennleg.