Ny barnebok gjer miljøsvin til skurkar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år reiser Ea til campingplassen Frøppeldunk, saman med mora. Der badar og fiskar dei, og møter dei andre feriegjestane. Men denne sommaren er den store fossen lagt i røyr og snart skjer det noko mystisk. Fargane forsvinn, ein etter ein!

Ea gir seg ikkje før ho har funne ut kvifor verda blir grå.

Forfattar Berit Rødstøl minnast hennar «eigen» røyrlagde foss, Mardalsfossen i Møre og Romsdal. Fossen vart  landskjent i 1970, då filosofen Arne Næss og 300 andre lenkja seg til steinar i protest mot utbygginga av fossen.

– Eg hugsar eg spurde dei vaksne kvifor ein fabrikk langt vekke kunne bestemme over vår foss. Og ikkje berre det – dei laga vegar som var stygge sår i naturen.

Barndomsminna er del av inspirasjonen til boka om Ea og mysteriet ho står overfor. I helga tek Rødstøl med seg historia til Nynorske litteraturdagar.

LES OGSÅ:  Biene dansar for å kommunisere

Fantasere om klima- og miljø
Litteraturdagane har 10 års-jubileum og feirar med temaet «naturleg». Eit av måla er å løfte fram natur og klima som tema i litteraturen, og festivalen spør mellom anna korleis vi kan snakke med barn om miljø- og klimaendringar.

Frøppeldunk er Rødstøl og mannen Christian Fjeldbu sitt svar på det spørsmålet. 

– Vi har prøvd å bruke barna sin fantasi til å skrive ei bok om miljøet. Ein kan godt bruke humor når ein snakkar om miljøvern, meiner Rødstøl.

– Eg trur det er lurt å ikkje lesse på med konsekvensar. Eg hugsar veldig godt kor skremmande det var då kjernekraftulukka i Tsjernobyl skjedde. Som barn kan ein få angst for at verda skal gå under. Med nokre år på baken skjønar ein at det ikkje skjer, men den erfaringa har ikkje barn.

Forfattaren syns barn har ei fin tilnærming til miljøspørsmål.

– Dei har det litt naive synet at ein kan endre verda. Det har vi noko å lære av.

Ho forklarar sitt eige miljøengasjement som noko som har «kome og gått». Som barn var ho veldig oppteken av å verne fossen som låg i nærleiken av der ho vaks opp. Ho starta lokallag i Natur og Ungdom, og har jobba i Framtiden i våre hender.

LES OGSÅ: Både Erna Osland og Rolf Losnegård vil få born til å bry seg om klima

Så gjekk miljøengasjementet litt i dvale, før ho fekk born. Ho trur barna lærer mykje av haldningane til foreldra.

– No har vi som familieprosjekt å leve berekraftig. Vi lærer ungane at vi kan reparere ting og vi ønskjer oss ofte brukte ting i bursdag og til jul. Det er sunt å måtte ønskje seg ting, å ikkje berre får alt med ein gong.

Hovudpersonen Ea er inspirert av eit av tantebarna til Rødstøl, ei uredd jente som er oppteken av miljøvern.

Festen kan ikkje vare
Rødstøl trur hennar generasjon er noko meir miljøengasjert enn foreldregenerasjonen. Dei ser at forbruksfesten ikkje kan vare, og mange ønskjer å ta forbruket ned, meiner ho.

I boka kjem hovudpersonen og hennar kompanjongar på kant med lova. Men det er Pydro-Stefan, mannen som legg fossen i røyr, som er skurken.

– Eg skulle gjerne levd i eit barnsleg universet der ein berre rett og slett arresterer dei som gjere noko gale mot naturen, ler Rødstøl.

Om det er noko ho ønskjer at lesaren skal ta med seg, så er det det følgjande:

– Våre handlingar kan endre noko.

Ho ønskjer også å skape leseglede blant unge lesarar.

– Det er viktig at barn les, for å stimulere fantasien og den språklege kompetansen. Dei får eit større ordforråd, men også ei større kulturell forståing, meiner Rødstøl, og legg til:

– Bøker er ikkje berre underhaldning, men også ei viktig kjelde til kunnskap. Språk er makt.

LES OGSÅ: Om klimaendringar – og rosa fly