Null nynorsk i Politidirektoratet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bruken av nynorsk i Politidirektoratets teksttilfang har gått merkbart ned sidan sist de rapporterte til oss. På nettsidene dykkar er bokmål nesten einerådande, og vi må leite for å finne tekstar på nynorsk. Ingen av dei siste nyheitssakene er skrivne på nynorsk, er Språkrådets kommentar til Politidirektoratets målbruksrapport for 2015, ifølgje fagbladet Juristkontakt.

– Rådet vårt frå sist om å skrive kvar fjerde, helst kvar tredje, nyheitssak på nynorsk, står framleis ved lag, strekar Språkrådet under i eit brev til direktoratet.

Nedgang i sosiale medium
Etter mållova skal Politidirektoratet som andre statlege, kommunale og fylkeskommunale organ behandle bokmål og nynorsk som jamstilte skriftspråk. Direktoratet er svært langt frå lovkravet om at minst 25 prosent av dei publikumsretta tekstane skal vere på nynorsk, viser målbruksrapporten.

Mens politiet fekk skryt frå Språkrådet for ein nynorskprosent på over 25 prosent i sosiale medium i 2014, var situasjonen ein annan i 2015. Da var berre 17,1 prosent av tekstane på nynorsk.

– Eit særskilt ansvar
Språkrådet tilrår elles at Politidirektoratet redigerer annakvart nummer at bladet Norsk Politi på nynorsk. Bladet, som direktoratet gir ut fire gonger i året, var i fjor heilt fritt for stoff på nynorsk.

– Politidirektoratet har eit særskilt ansvar for å oppfylle jamstillingskravet i mållova, og vi ventar at de tar dette ansvaret på alvor, skriv Språkrådet til direktoratet.

Språkrådet spør òg om korleis politiorganet har tenkt å gå fram for å auke nynorskbruken og målvekslinga på nettsidene sine, og når dei kan vente å sjå alle skjema på begge målformer.

Skal prøve å bli betre
– Vi må berre leggje oss flate for kritikken frå Språkrådet, seier fungerande kommunikasjonsdirektør i Politidirektoratet Anne Margrete Alværn i ein e-post til Juristkontakt.

Ho forklarer at nettløysinga har skulda for at dei ikkje kan tilby skjemaet for forenkla politimelding på nettet. Men det er det einaste, lover ho.

– Når det gjeld dei andre kategoriane vi rapporterer på, må vi berre erkjenne at vi ikkje oppfyller kravet til målveksling og prøve å bli betre, seier Alværn. (©NPK)

Meir?

Det er kanskje ikkje nynorsk i Politidirektoratet, men det er mykje på Facebook! Det kan du takka Årets nynorskbrukar for.

Årets nynorskbrukar var eit godt val – ho viser at nynorsken ikkje berre er for gamle gubbar, skriv Framtida-journalist Anders Veberg