NSO beklagar uklar støtte

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Beklagar streikestøtte

 Det er ubehageleg at personar eg har stemt inn, let fagrørsla utnytte dei som organisasjon.

Det skriv leiar i Trondheim Unge Høyre og medlem i Høyres Studenter, Vegard Elde Vefring, på Aftenpostens debattsider. Vefring er også medlem i Norsk Studentorganisasjon, og har vore landsmøtedelegat fleire gongar.

– NSO går utover sitt mandat
Onsdag går tre hovudorganisasjonar til politisk streik, for å protestere mot oftare sundagsjobbing, meir overtid og fleire i mellombelse tilsetjingar. LO, Unio og YS oppmodar medlemane til å leggje ned arbeidet mellom klokka 14 og 16 onsdag ettermiddag, og både kollektivtransport, barnehagar og offentlege kontor vil verte ramma.

LES OGSÅ: Tøft haustsemester for elevane

Leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), Anders K. Langset, har tidlegare gitt støtte til streiken, med følgjande uttaling:

– Vi støttar streiken fordi vi ønskjer å sikre studentane dei beste førelesarane og at akademia skal vere ein attraktiv karriereveg å gå.

Det er dette Vefring no går ut mot. Han meiner NSO går utover sitt mandat og støttar streiken utan demokratisk forankring blant sine medlemar.

– Regjeringa har ikkje gått inn for dårlegare førelesarar eller meir mellombelse tilsetjingar i akademia. Dei har gått inn for enkelte oppmjukingar i arbeidsmiljølova, ei lov som i all hovudsak ikkje omhandlar akademia, skriv Vefring.

LES OGSÅ: Somlande studentar

Han meiner leiinga i NSO let fagrørsla utnytte studentorganisasjonen.

– Vi er ein organisasjon av og for studentar som stemmer på heile den politiske skalaen. Støtta til streiken er gjort utan vedtak i korkje Landsmøte eller Landsstyre. Leiar Anders Langset har gått langt ut over sitt mandat. Dei har rett og slett synt elendig dømmekraft, skriv Vefring.

– Naivt av oss
Etter kritikken har leiinga i NSO no kome med ei avklaring om streiken, der dei uttalar at det ikkje var NSO sin intensjon å støtte alle punkta som vert tekne opp i streiken. Heller meinte studentorganisasjonens å uttrykkje uro for den høge midlertidigheita i akademia.

 Vi beklager at vår støtte til motstanden mot midlertidigheit er blitt teke til inntekt for ei generell støtte til streiken. Det har vore naivt av oss å tru at vi kunne støtte markeringa mot auka midlertidigheit i arbeidslivet, utan at det samstundes framstår som at vi støttar opp om politiske synspunkt vi ikkje har mandat til å meine noko om, seier leiar Anders Kvernmo Langset på NSOs nettsider.

NSO skriv at dei aldri har teke standpunkt til endringsforslaga som til dømes omhandla overtid, søndagsarbeid eller kollektiv søksmålsrett. Heller meinte dei å uttrykkje støtte til dei tilsette i NSOs private medlemsinstitusjonar, som vert råka direkte av endringane i arbeidsmiljølova. I tillegg ville dei uttrykkje uro fordi dei meiner å sjå ein trend i auka bruk av mellombelse stillingar som kan gjere det vanskelegare å jobbe for ei innstramming av midlertidigheita i akademia gjennom tenestemannslova.

 Sidan dette vart vanskeleg å skilje, strekar vi no under at vi ikkje støttar streiken i sin heilskap, heiter det i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Vil ha nasjonalt ansvar for læringsmiljø