Norsk landbruk kan gle seg over klimaendringane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kan gle seg over klimaendringane

Norsk landbruk kan glede seg over ein svært rik kornhaust og gode prognosar for frukt- og grønt. Klimaendringane kan gi norsk landbruk store fordelar, meiner forskar.

Tidleg vår, men spesielt den varme hausten, er nemnt blant årsakene til dei gode avlingane i år.

Ferske tal viser at Felleskjøpet har fått inn over 505.000.000 kilo korn. På same tid i fjor var dette talet i overkant av 423.000.000 kilo.

– Det vil seie at vi totalt sett har teke imot cirka 20 prosent meir korn i år enn på same tid i fjor, som også var eit godt kornår, opplyser kommunikasjonsrådgivar Cato Fagermoen til NTB.

LES OGSÅ: Difor blir nye hus råka av flaum

Rekordvarme
Dei svært gode kornavlingar kjem av ei blanding av ein rekordvarm haust og meir effektiv tresking, ifølgje Felleskjøpet.

– Haustekapasitet aukar for kvart år som går og det er treska svært store kornvolum dei siste vekene, opplyser Felleskjøpet i ei pressemelding.

Også for frukt og grønt er prognosane bra.

– Hausten har vore fantastisk, og prognosane for grønsaker som poteter, gulrot og løk er veldig bra. Både poteter og gulrøter ligg an til eit betre år enn i fjor, og på høgde med 2014 som var eit spesielt godt år, opplyser dagleg leiar Morten N. Andersen i Grøntprodusentenes samarbeidsråd (GPS).

– Året totalt sett ligg over eit brukbart år for frukt. Hausten har til dømes vore veldig fin for eple, som blir tunge og fine i varmen, seier fruktlagringsinspektør Bjørn Eidhammer i GPS.

– Sesongen starta også tidleg, med fint vêr i mai og juni og god blomstring. Unntaket er plommehausten, som blei råka av mykje regn, og dermed fekk ei «middels minus» avling, legg Eidhammer til.

LES OGSÅ: Du har større klimaavtrykk enn du trur

Klimamodellar
Direktør Tore Furevik ved Bjerknessentret i Bergen seier dei gode avlingane stadfestar det klimamodellane fortel.

– Vi har allereie observert ein lengre vekstsesong i Noreg, våren kjem tidlegare og sommaren og hausten varer lenger. Dette ser vi i temperaturmålingane, fortel Furevik som forskar på klimamodellar.

Medan klimaendringane med høgare temperaturar stort sett har ein negativ effekt for matvareproduksjonen for resten av kloden, stikk den nordlege delen av kontinentet av med gevinsten.

– Noreg er blant landa der ein ser størst positiv effekt av klimaendringane med lengre vekstsesong, seier Furevik.

– Sjølv om auka nedbør også kan gi bonden utfordringar, så ser vi likevel at ein lengre vekstsesong gir meir positive enn negative effektar for landbruket.

– Men innhaustinga vil sjølvsagt variere frå år til år, og nokre år kan til dømes gi ekstremregn ramme i spesielt sårbare periodar, legg han til.

Men klimaendringane er ikkje godt nytt for alle bønder: Det kan bli slutt på god kaffi.

Vestlandet kan få haust heile året

Varmare klima gir meir flått

Faktaboks

Fakta om forventa klimaendringar i Noreg:

Viss dei globale klimautsleppa held fram å auke raskt, kan vi vente oss desse endringane i klimaet i Noreg fram mot slutten av dette hundreåret:

* Temperatur: Gjennomsnittleg auke på mellom 3,3 og 6,4 grader. 4,5 grader er mest sannsynleg.
* Nedbør: Gjennomsnittleg auke på mellom 7 og 23 prosent. 18 prosent er mest sannsynleg.
* Kraftigare og hyppigare styrtregn.
* Konsekvensane av klimaendringane blir forskjellige i ulike delar av verda, og enkelte område kan oppleve positive effektar, som Noreg og resten av den nordlege delen av kontinentet.

(Kjelder: Klima i Norge 2100, IPCC) (©NPK)