Norsk hjelpearbeidar unngjekk akkurat kampane i Sør-Sudan

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Var nesten i kampane i Sør-Sudan

Saka er henta med velvilje frå Porten.no

– Hadde eg vore der eit par dagar til, ville eg ha hamna midt oppi det, seier Åge Bøyum på telefon frå Uganda til Porten.

Fredag braut det ut harde kampar i den sør-sudanske hovudstaden Juba. Fleire hundre er meldt drepne i kampane, i følgje NRK Sogn og Fjordane. Dei fortalde først historia om hjelpearbeidaren i Røde Kors, Åge Bøyum frå Lærdal, som dagen før kampane tok til reiste til Entebbe i Uganda fordi han hadde nokre fridagar.

– Eg er stasjonert i Juba og har vore der i tre månader no, seier Bøyum.

Våpenkvile overhalde i dag
Internasjonale Røde Kors har ein stor operasjon med base i Juba. Gjennom operasjonen sørgjer dei for mat og medisinar til innbyggjarane. 

– Oppgåva mi er å forsyna sjukehusa med medisinsk utstyr, fortel Bøyum. 

Han har fleire kollegaer som er att i Juba. Etter trefningane gjennom helga har han no von om at det byrjar å roa seg.

– Det er innførd våpenkvile og den er overhalde i dag. Røde Kors har att mannskap der inne. Ein blir naturlegvis bekymra for kollegaer, men det ser ut til å ha gått bra. Eg skulle ha reist tilbake i går, men det let seg ikkje gjera. Situasjonen blir overvaka, så eg ventar på klarsignal før eg kan reisa innatt. Og det veit eg ikkje når blir.

– Ein kan ikkje vera redd
– Korleis tenkjer du når slikt skjer? Blir du redd?

– Ein kan ikkje gå rundt å vera redd, men ein må vera budd på at kampar kan oppstå. Det er eit ustabilt land.

– Når skal du heim til Lærdal?

– Eg skal heim ein tur i 15.august og vera i fire veker. Så reiser eg ned att og blir der til før jul.

Les meir:

Sør-Sudan er den yngste staten i verda, og dei første åra har vore harde. I fjor sto 30.000 i fare for å døy i ei svoltkatastrofe.

24 menneske blir drivne på flukt frå heimane sine kvart minutt, ifølgje ny FN-rapport. I alt er over 65 millionar menneske på flukt i verda.