Norsk asylkomedie til utlandet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Welcome to Norway» av Rune Denstad Langlo viser flyktningkrisa som politisk ukorrekt komedie, med Anders Baasmo Christiansen som rasistisk asylbaron – og eit knippe tidlegare flyktningar frå 20 nasjonar som statistar.

Kan vinne éin million 
Allereie før verdspremieren under filmfestivalen i Gøteborg og noregspremieren 4. mars opplever filmen stor interesse ute i Europa.

Filmmagasinet Rushprint melder at filmen allereie er seld til Tyskland, Austerrike, Sveits og Italia.

Filmdistributørar i Frankrike, Storbritannia, Belgia, Nederland og Luxemburg er òg i gang med forhandlingar.

Filmen er òg teke ut til hovudkonkurransen under Gøteborg Internatonal Film Festival – der han kan vinne éin million kroner.

Frå dokumentar til spelefilm
– Når det blir tragisk og jævlig nok, må ein tillate seg å le litt, sa regissør og manusforfattar Rune Denstad Langlo til NTB tidlegare denne månaden.

Under presentasjonen av vårens filmskaparen at han vart inspirert av ein dokumentar han laga frå eit asylmottak i 2004 – «ein heilt ille stad» – og ein somalisk gut som likevel smilte.

Sals- og marknadssjef i Beta Cinema Thorsten Ritter valte å satsa på filmen etter å ha sett eit seks minutt langt klipp i Cannes.

På nettsidene til Nordisk Film og TV Fond uttalar han at det ikkje kunne vore meir passande å presentera emnet i form av ein intelligent og varmhjarta komedie, som lærer oss ei lekse eller to om situasjonen som vert kalla flyktningkrisa.

– Komedie er ei mykje sterkare form enn eit drama som slår deg i hovudet med kor alvorleg situasjonen er. Den er alvorleg, men me treng filmar som dette for å halda på optimismen, seier Ritter.