– Norge burde ha ein Utviklingsminister

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha utviklingsminister

– Me må ha ein som ser til at bistandsprosenten blir prioritert der behova er størst, og at bistandsbudsjettet blir brukt opp, seier KrFU-leiaren.

– Slik som verda er no, kan vi sjå at behovet for bistand er svært stort. FN og andre organisasjonar må stramme inn på matrasjonane i Syria og nærområdet. Dette er vår livs katastrofe. Derfor kler det Norge dårleg at bistandsbudsjettet ikkje har blitt brukt opp, sier Emil André Erstad. 

– Det er et problem at Stortinget sitt vedtak om éin prosent til bistand ikkje blir fulgt opp. Derfor meiner KrFU at Norge burde ha ein utviklingsminister som har følgje opp at midlane på bistandbudsjettet går der behova er størst. Hadde det vore politiske vilje til å bruke opp budsjettet så hadde det blir brukt opp, seier Erstad

– Me er skuffa over at regjeringa ikkje har denne politiske viljen. Dei har fleire gonger sagt at dei vil bruke mindre på bistand. Det ser vi resultatet av no, seier han.

– Hadde den politiske viljen vore der, så hadde bistandsbudsjettet blir brukt opp. Organisasjonane som jobbar i Syria og områda rundt skrik etter meir resursar. Då er det også veldig merkeleg at vi ikkje bidreg med det vi har vedtatt i Stortinget, avsluttar KrFU-leiaren.

LES OGSÅ:Færre land skal få bistand

Norad: – Brukte meir enn budsjettert
I busjettforliket i 2014 fekk Venstre og KrF gjennomslag for at éin prosent av statsbudsjettet skulle gå til bistand.

Ifølgje tal frå Norad, brukte Noreg 31,7 milliardar kroner på bistand i 2014. Dette er 200 millionar kroner meir enn budsjettert, men på grunn av at BNI (bruttonasjonalinntekta) vaks høvesvis endå meir enn denne auken, så landa pengebruken til bistand på 0,99 prosent.

I februar 2014 sa statsminister Erna Solberg at regjeringa ikkje har nokon planar om å endra målet om éin prosent.

Sjå kva land som fekk mest pengar under:

Faktaboks

Noreg gav 31,7 milliardar norske kroner i bistand i 2014.
3,4 milliardar kroner gjekk til klima- og skoginitiativ.
Bistanden til Syria ned frå 405 millionar i 2013 til 356 millionar i 2014. Av dette vart 225 millionar kroner gjeve i naudhjelp.
Bistanden til utdanning auka med 100 millionar til 1,8 milliardar i 2014.
Berre fire andre land bruker like mykje av statsbudsjettet sitt på bistand som Noreg.
Bistanden til Afrika auka med 200 millionar kroner.
Bidraget til Verdsbanken auka med éin milliard.