Noregs største julekort

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har i alle fall ikkje funne noko større når vi har googla, seier fotograf Nathan W. Lediard. Han har fotografert kunstnaren Inga Dalsegg, på julekortet som dekkjer ein heil vegg på Domussenteret i Surnadal. Medan EB Video har trykt julekortet på fototapet og montert.  

Lediard fortel at ideen er utvikla gjennom eit samarbeid.

– Det starta med at eg fekk ein telefon frå EB Video som trong eit fint motiv til tapetet sitt. Så var eg innom rekneskapsføraren min på senteret, og han peika på den store kvite veggen. Eg tok kontakt med driftsleiaren på senteret som var positiv til å pynte opp veggen. Så kom tanken – kvifor ikkje julekort? Og bak i hovudet hadde eg det årlege julebilete eg tek av Inga.

Are Kalvø: Julebrev frå statsminister Erna Solberg(26,8%) 

Motivet
Inga Dalsegg føler det er berre koseleg at hennar julekort vart nytta i prosjektet.

– Dette er julekortet eg sender til mellom anna kundane mine. Kjolen på biletet er gamal, og er ikkje heilt enkelt å bevege seg i med alle ringane i skjørtet, forklarar ho.

Fotografen var også nøgd med å ta eit julekortbilete utanom det vanlege.  

– Då vi tok bilete var det låg sol, heilt tørr snø og veldig vinterstemning. Eg nytta også ei filmlampe saman med det naturlege lyset, for å skape effekten av sola som bryt gjennom, forklarar Lediard.

 Han fortel også om utelukkande positive attendemeldingar på prosjektet.

 – Folk tykkjer det er artig og fint. 


Julekortet til Inga Dalsegg, som også har fått plass på ein kjøpesentervegg i Surnadal. Foto: Nathan W. Lediard.

15 millionar kort  
Trass fleire helsingar gjennom mellom anna sosiale medium, er nordmenn framleis eit julepost-elskande folk. I fylgje tal frå Posten har vi i år sendt meir enn 15 millionar julekort og julebrev. Dette er på same nivå som i fjor, sjølv om brevmengda elles i året har gått ned med nesten ti prosent.  

Posten melder også at tradisjonelle julekort framleis er mest populært. Samstundes vert stadig meir av juleposten sendt i konvolutt, av de fleire vel å sende bilete av familie eller born.

 Lediard meiner dei beste julekortbileta reflekterar personlegdomen til dei som vert fotografert.

– Målet er at dei som får kortet kjenner at personlegdomen. Ein annan viktig ting er å skape god stemning, noko som ofte handlar om å finne fantastisk lys. Eg tykkjer i alle fall det er vanskeleg å skape betre julestemning enn på dette biletet, avsluttar fotografen.     

LES OGSÅ: Brann seg fast

Faktaboks

JULEKORT

Det fyrste julekortet i moderne tid vart teikna av den britiske kunstnaren John Calcott Horsley i 1843.  

Det fyrste norske julekortet vart sendt i 1883, og skikken auka i popularitet utover på 1900-talet.  

Tradisjonelle julekortmotiv i Noreg har vore folk på veg til kyrkja, fjøsnissar eller  vinteraktivitetar som skigåing, aking og kanefart. I andre land har julekorta i større grad hatt religiøse motiv.  

 Personlege julekort med bilete av familie, born eller kjæledyr har vorte stadig meir populært.  

I år har vi sendt meir enn 15 millionar julekort.
Kjelder: Wikipedia, Posten, Store norske leksikon.