Noreg sluttar seg til barnevernskonvensjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå 1. juli har Noreg slutta seg til Haagkonvensjonen 1996 om foreldrekonfliktar og barnevern. Dermed blir det lettare å samarbeide over landegrensene i denne typen saker.

Frå før har 43 land slutta seg til konvensjonen, som Haagkonferansen vedtok i 1996, blant dei alle landa i EU.

– Det er svært gledeleg at denne konvensjonen no er på plass. Framover blir det lettare å samarbeide med styresmaktene i andre land om krevjande barnevernssaker, foreldre- og samværstvistar og å førebyggje barnebortføringar. Vi får no eit rammeverk der vi kan finne gode løysingar på tvers av landegrensene for barn og familiar i krise, seier utanriksminister Børge Brende (H).

I Noreg får Barne- og ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) ansvaret for saker som fell inn under konvensjonen.

Samtidig blir barnelova endra, mellom anna slik at barn over tolv må gi samtykke før dei blir flytta eller sende på reise til utlandet åleine. Barnevernet kan òg gjere vedtak om omsorgsovertaking for barn som til vanleg bur i Noreg, sjølv om dei er i utlandet. (©NPK)

Barnevernet i Noreg er omdiskutert.

Åtte av ti familiar er nøgde med tilbodet, men forskarane etterlyser meir tilpassa tiltak.

Samstundes – i fjor sendte hundre fagfolk inn ei bekymringsmelding om barnevernet.