Noreg kunne tent milliardar på likestilling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar Kjersti Misje Østbakken ved Institutt for samfunnsforskning har sett på den økonomiske utviklinga i Noreg mellom 1972 og 2013 og analysert kor mykje av veksten som kan forklarast av aukande deltaking blant kvinner i arbeidslivet, skriv Dagsavisen.

– Det har vore brei oppslutning om at likestillinga ikkje berre har handla om grunnleggjande rettferd, men også har vore noko som lønner seg, seier Østbakken.

I forskingsrapporten «Likestilling og verdiskaping», laga på oppdrag av Barne- og likestillingsdepartementet, viser ho at Noreg har tent mykje på å få kvinner inn i arbeidslivet. Dersom ikkje sysselsettinga til kvinnene hadde auka sidan 1972, ville BNP i Fastlands-Noreg vore 3.300 milliardar lågare.

– Det er ei krevjande øving å tenkje seg eit scenario utan inntoget til kvinnene på arbeidsmarknaden. Men omtrent 10 prosent av veksten dei siste åra kan forklarast med auka bruk av arbeidskraft. Den veksten har primært komme av auka kvinneleg sysselsetjing, seier Østbakken.

Og hadde sysselsetjinga vore like høg for kvinner som for menn, kunne BNP altså vore ytterlegare 2.300 milliardar større enn i dag. (©NPK)

Les meir:

Lønnsforskjellen mellom menn og kvinner auka i fjor.

Likestilling er også bra for menn: Menn som lever i land med likestilling mellom kjønna, har langt betre livskvalitet enn menn i mindre likestilte land.

Då Robin Wright, som spelar Claire Underwood i House of Cards, vart tilbudd mindre løn enn motspelaren Kevin Spacey, protesterte ho. Det hjalp.