Nordstoga til Vinjerock

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er fyrste gong Odd Nordstoga kjem med sine eigne låtar til Vinjerock, men langt frå fyrste gongen vi har prøvd å få det til, fortel ein smørblid festivalsjef John Olav Hovde.

– Dette vert eit av høgdepunkta på programmet, slår festivalsjefen fast i ei pressemelding frå festivalen.

Vinjerock 2014 går føre seg frå 17.- 20. juli og vert som vanleg arrangert ved Eidsbugarden 1060 meter over havet i Vang kommune i Valdres.

Då billettane vart lagt ut for sal før jul gjekk det eitt minutt før alle 3000 billettane var borte.

LES OGSÅ: Nordstoga-brørne er Årets nynorskbrukarar 

Attende til Vinjerock-røtene
I 2006 var Kari Kamrud Jahnsen frå Ulnes med som frivilligjsef på den fyrste Vinjerock-festivalen. Åtte år seinare er ho tilbake under artistnamnet Farao. Etter andreplass i NKR P3 si Urørtfinale har ho fått god radiorotasjon og fleire festivaljobbar.

– Eg gler meg stort til å spela på heimebane for fyrste gong. Særleg stas er det at Vinjerock er plassen, sidan forholdet til festivalen alltid vil vera spesielt, seier Jahnsen i pressemeldinga.

I oppstartsåret var ho frivilligsjef og åra etter held ho fram som miljøsjef. No er det fleire år sia ho har vore på Vinjerock, men dei fyrste åra står solid planta i minnet. 

– Eg kjem aldri til å gløyme kjensla når vi kom opp til Eidsbugarden fyrste året. Litt usikre på korleis det kom til å gå, og veldig spente. Når alt gjekk bra var det ein ubeskriveleg opptur. Det vart år med lite søvn og mykje arbeid, fortel  Kamrud Jahnsen.

Når ho no kjem opp i fjellheimen, tek ho med seg fullt band frå England og fleire ferske låtar frå plata som er under arbeid.

LES OGSÅ: Mennene dominerer radiomusikken 

Rock i fjellet
Andre band som skal rocka opp årets festival er norske Rumble in Rhodos og Vintage Trouble frå USA, som tidlegare har varma opp for  både The Who og Lenny Krawitz.

I tillegg kjem det jazza bandet Pixel, Timbuktu, Billie Van, Moddi, Ida Maria og stjerneskotet Kaja Gunnufsen.

– Det er stor stas å lande dei største artistane, men det er jaggu like stas å kunne vera med å presentere nye namn vi har klokketru på i åra som kjem, avsluttar Hovde.