Nordisk filmpris til «Louder Than Bombs»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nordisk filmpris til Joachim Trier

Regissøren blei tildelt prisen i København tysdag kveld saman med sin faste manusforfattar Eskil Vogt og produsent Thomas Robsahm.

– «Louder Than Bombs» er ein skarp, oppfinnsam og visjonær film om ein familie som går i oppløysing i åra etter at mora og hustrua døyr. Joachim Trier og teamet hans har stått for ei kunstnerisk bedrift, som er uttrykk for forteljekunst på eit heilt nytt plan, skriv juryen i grunngivinga si, og legg til at filmen bør bli fast pensum på filmskular over heile verda.

Det var tredje gong Joachim Trier var nominert til prisen.

«Louder Than Bombs» henta heim heile fire prisar under årets Amanda-utdeling tidlegare i haust, og fekk også Filmkritikarprisen 2016.

Prisen er på 350.000 danske kroner, og blei overrekt under utdelinga av Nordisk råds prisar i DR Koncerthuset i København. (©NPK)

Les også om bakgrunnen for tildelinga: Trier nominert for tredje gong