NOR-WAY kritiserer regjeringas forslag om auka moms på bussreiser

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Urimeleg sær- behandling av NSB

Saka var først publisert i Porten.no.

NOR-WAY bussekspress kallar det forskjellbehandling at det blir lagt opp til å auka momsen på bussreiser med 2 prosent.

Desse auka utgiftene vil bli kompensert der det offentlege kjøper inn transporttenester, forklarte samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen då forslaget til statsbudsjett vart lagt fram onsdag.

Men det vert ikkje gjeve nokon form for kompensasjon til kommersielle selskap. Dette gjeld også Valdresekspressen. Det meiner NOR-WAY bussekspress er både urimeleg og urettferdig.

– Me oppfattar at det er tverrpolitisk semje om eit ønske og ein ambisjon om at flest mogleg skal reise kollektivt. I eit slikt perspektiv burde det ikkje spela nokon rolle om passasjerane reiser med eit kommersielt selskap eller med eit selskap som mottar midlar frå det offentlege. Det er naturlegvis ingen forskjell i klima- eller framkomelegheitsgevinstar mellom oss, seier administrerande direktør Bjørn Østbye i NOR-WAY bussekspress i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Slik påverkar statsbudsjettet deg

Konkurransevriding
Resultatet av dette forslaget er ei ytterlegare konkurransevriding mellom private aktørar og selskap som vert finansiert av det offentlege, noko Østbye meiner er noko dei har sett lenge, særleg mellom tog og ekspressbussar.

– Gjennom det statlege kjøpet av jernbanetenester får NSB dekt sine kostnader knytt til sosiale rabattar, og dei betalar heller ingen køyrevegsavgift eller anløpsavgifter.

– Ekspressbusselskapa betalar full vegbruksavgift og millionar i anløpsavgifter på offentlege eigde terminalar. Me har med andre ord kostnader som NSB ikkje må ta med i sine rekneskap, noko som openbert fører til ei konkurransevriding.

LES OGSÅ: Are Kalvø: Årets statsbudsjett er eit bøllebudsjett

Millionar råka
3,5 millionar passasjerar vert råka av dette forslaget, som NOR-WAY trur kan vera i strid med EØS-avtalen og ikkje er i tråd med kollektivtrafikkordninga. 

– Dette er tatt opp med Samferdselsdepartementet utan det er kome noko svar derfrå.

Les meir om statsbudsjettet her!