No kjem krav om bruk av lærlingar i offentlege oppdrag

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det offentlege har vore for lite flinke til å bruka innkjøpsmakta si til å bidra til fleire læreplasser. Med innføringa av ny lov og ny forskrift vil me sikra at når til dømes nye skular, vegar eller togstrekningar blir bygd, så skal jobben gjerast av føretak som har lærlingar, seier kunnskapsministeren Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Forslaget til nye reglar, som no er sendt ut på høyring, gjeld for heile offentleg sektor. Det vil seia blant anna statlege, fylkeskommunale og kommunale styresmakter. Lærlingklausulen gjeld for tenestekontraktar og kontraktar om byggja- og anleggsarbeid.

LES OGSÅ: – Karakterar tel ikkje mest for læreplass

– Vil gje fleire læreplasser
I forslaget til regjeringa er det lagt opp til at statlege styresmakter skal krevja bruk av lærlingar for kontraktar verd minst 1,1 millionar kroner utan moms og med varigheit over tre månader. Andre oppdragsgjevarar skal krevja bruk av lærlingar for kontraktar med ein verdi på minst 1,75 million kroner utan moms og som varer over tre månader.

– Kvart år er det om lag 8.000 elevar som ynskjer ein læreplass, men som ikkje får det. Me skjerpar lærlingklausulen for å skaffa fleire læreplasser for elevar i yrkesfagleg utdanning. Det vil òg gje fleire elevar på yrkesfag eit høve til å fullføra utdanninga si og på den måten gje arbeidslivet betre tilgjenge på kvalifiserte arbeidstakarar, seier kunnskapsminister Røe Isaksen.

LES OGSÅ: Milliardkontraktar utan lærlingkrav

Her møter kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen elevar på kokkelinja på Godalen videregående skole i Stavanger. Foto: KD

Gjelder òg utanlandske leverandørar
– Det er svært viktig for regjeringa å laga eit regelverk som gjev fleire læreplasser. Kravet om bruk av lærling er gode nyhende for alle som treng læreplass. Det kan i tillegg bidra til å auka delen ryddige og seriøse arbeidsforhold og til å kjempa mot kriminalitet i arbeidslivet, seier næringsminister Monica Mæland.

Kravet om bruk av lærling skal ifølgje forslaget òg gjelda for utanlandske leverandørar. Desse skal kunna oppfylla kravet ved å nytta norske lærlingar, eller lærling frå lærlingordning eller praksiselev frå opplæringsordning i heimlandet til leverandøren.

LES OGSÅ: Fylkeskommunar får skarp lærlingkritikk