No kan du senda saker til kommunestyret med mobilen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Send innbyggjarinitiativ med mobilen

Saka er henta med velvilje frå Bladet Tysnes.

– Ved hjelp av nettsida kan du be politikarane ta opp saker som interesserer deg, dersom du skaffar nok underskrifter frå innbyggjarane i kommunen. I små kommunar som Tysnes treng du underskrifter frå to prosent av tysnesingane for at saka di blir teken opp, forklarar Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe.

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som lanserer ein ny versjon av minsak.no på mobilen i januar.

– Det har vore høve til dette også tidlegare, men mobilversjonen blir det meir tilgjengeleg og lettare, forklarar han.

LES OGSÅ: Kåre Martin Kleppe blei ordførar som 22-åring. – Ikkje for ungt, meiner Erna

For dei utan røysterett
Innbyggjarinitiativet er for alle, også for dei som er under 18 år.

– Kommunaldepartementet har lansert mobilversjonen for at me skal bruka lokaldemokratiet, og vera med å bestemma at saker skal handsamast. Dette skal vera eit lågterskeltilbod, seier Kleppe.

– På den måten kan innbyggjarane ta opp saker som ikkje er teke opp av politikarane, og folk får høve til å overprøva politikarane og skapa debatt, seier ordføraren.

Han understrekar at sakene må ha med eigen kommune å gjera. Ein kan også senda inn saker som skal bli teke opp i fylkestinget.

– Kommunestyret eller fylkestinget har plikt til å ta opp saka etter seks månadar, forklarar han.

– Men sjølv om ein har nok underskrifter kan ein ikkje krevja at saka blir handsama i same valperiode, dersom den allereie er ferdighandsama, seier han.

Demokratiet er i krise, skriv Dag Jørund Lønning: – Løysinga heiter deltakande demokrati

– Kan liggja ute eitt år
På nettsida kan ein skriva kva saka handlar om, forklarar Kleppe. Deretter er eit tips å dela den på sosiale medium for å få nok underskrifter, slik at den kan bli teken opp i kommunestyret.

– Ein kan ikkje la saka liggja for å venta på underskrifter i meir enn eitt år. Då blir den ugyldig, forklarar han.

– Kva tenkjer du om innbyggjarane sitt engasjement i lokaldemokratiet?

– Sosiale medier har ein positiv effekt og bidreg til mykje engasjement. Eg er ofte i møte med tysnesingar før ei sak skal handsamast i kommunestyret. Men med innbyggjarinitiativet skal det setjast dagsorden utan at eg bestemmer kva saker som skal diskuterast. Det opnar for nye idear og løysingar.

Han vil oppfordra folk til å koma med tankar og idear om kva dei vil ta opp.

– Eg trur folk har behov for dette, og politikarane har godt av å bli utfordra på ein ryddig måte, seier Kleppe.

Les meir på tysnesbladet.no!