No kan alle ungdomsskular få koding som valfag

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor iverksette kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen eit pilotprosjekt med koding og programmering som valfag i ungdomsskulen. 

Pilotprosjektet starta i skuleåret 2016-2017, og varer til og med skuleåret 2018-2019. 146 skular fordelt på 53 kommunar fekk delta frå starten.

Fleire skular som ikkje var del av pilotprosjektet har ønska å tilby valfaget, men har ikkje fått godkjenning frå Utdanningsdirektoratet. No snur kunnskapsministeren, og opnar for at skular som vil ta i bruk læreplanen kan tilby valfaget til sine elevar, skriv Fjordenes Tidene.

– Til no har det vore slik at dette valfaget berre kan gjennomførast på dei skulene i dei kommunane som har fått innvilga deltaking i forsøket. Utdanningsdirektoratet har fått mange forespørslar i etterkant frå kommunar om å bli med i forsøket etter at det starta opp. Med bakgrunn i blant anna dette vil det bli mogleg for skuler som vil ta i bruk læreplanen i valfag programmering om at dei kan gjere dette for eigen kostnad frå skulestart hausten 2017, skriv Isaksen.

Framtidige arbeidsplassar
Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) tok opp saka med kunnskapsministeren førre veke. Han er nøgd med at alle kommunar no får moglegheit til å tilby valfaget. 

– Regjeringa deler nok Venstres ambisjonar om å la ungar få lære programmering. Det kjem til å vere ein viktig del av dei framtidige arbeidsplassane våre, seier Rotevatn til Fjordenes Tidende.

LES OGSÅ: Vil lære teiknspråk på skulen