Nils Gaup: – Eg visste det ville bli eit helvete

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gaup: – Visste det ville bli eit helvete

– Eg tenkte på gamle westernar, og laga ein northern, seier Gaup, som visste kva han gjekk til når han sa ja til å lage ein film i kulde og snødrev – med hærskarar av dyr og kampscener det knapt var gjort maken til i Noreg før.

LES OGSÅ: Filmvåren 2016: Frå birkebeinarar til asylmottak

Ski- og hestejakt
– Sverdkampar med mange involvert, så vel som skiangrep er sjeldan kost her til lands. Det var viktig at det var mykje ski, seier Nils Gaup, som tydde til hjelp frå Kina for å finne ut korleis ein på 1200-talet sette utfor.

– Mongolian style, seier Gaup kunnig: – Med éin stav.

I éi scene er 32 hestar i eitt og same bilete. Islandshestar, små, raggete saker som skremte sjølv Kristofer Hivju – som Gaup røper var «livredd» sin.

– Hestejaktscenene var utruleg kompliserte, seier Gaup nøgd i ettertid:

– Biljaktscener har ein sett før, mange, mange gonger. Men ikkje scener som kombinerer ski- og hestejakt.

Ikkje rart at «Birkebeinerne» allereie er selt til over 60 land, der Nils Gaup sjølv lèt seg fascinere over at Kina og India er blant kjøparane.


Hestejaktscener som dette, med norsk fjording og islandshest, får blant anna indisk kinopublikum sjå – når «Birkebeinerne» legg ut i verda. Regissør Nils Gaup kallar han ein «northern», i eit ordspel på westernfilmane han har late seg inspirere av. Foto: Ian Brodie / Paradox Film 

Morar damene også
Sjølv om dagens Birkebeinerrenn og -ritt blir rekna som manndomsprøver, meiner Gaup at filmen om dei to karane som var inspirasjonskjelda, har appell også til kvinner.

– Det er mange kvinner som har hatt det gøy når dei har sett filmen, seier regissøren kunnig.

Det er nemleg dét han sit i salen og spanar etter, no når han den siste tida har vist filmen på Lillehammer, i Bergen og i Trondheim.

– Eg ser på publikum, ser an stemninga, om dei ler, eller sit og himlar med auga. Om filmen held merksemda deira. Det lærer ein av, seier Gaup, som alltid tenkjer vidare.

Det er ei dryg veke sidan han rekna seg som ferdig med «Birkebeinerne». Lenger er det ikkje sidan den siste prosessen var ferdig.

– Når eg ikkje kan gjere meir med filmen, er eg ferdig. Då er det filmens møte med publikum som tel, og som all film handlar om.

LES OGSÅ: FN: Filmbransjen diskriminerer kvinner

Ikkje tung og dyster
Nils Gaup seier at det finst filmar han har forlate kinosalen midtvegs i. Da har han ikkje gidda sjå meir.

Det er derfor han lét «Birkebeinerne» bli ein film prega også av vår tid – enten det var i språk og replikkar eller humor, seier han.

– Eg har sett filmar lagt til vikingtid og mellomalder som har vore så tunge og dystre at eg ikkje har klart å sjå dei ferdige. Når du les sagaene, så er dei ofte lite sjølvhøgtidlege. Og birkebeinarane var menneske av folket, si tids geriljakrigarar. Eg tenkte sagastil, med barsk humor. For vi lagar underhaldning, seier Gaup.

Då han i 2013 fekk tilbodet om å ha regi på «Birkebeinerne», såg han med éin gong for seg Knud Bergsliens heroiserande, nasjonalromantiske måleri frå 1869.

– Det er romantisk, heilt «over the top», prega av stilen i den tida. Med filmen vår gjorde vi det same: Vi bakte stilen i vår tid inn i han.

– Leikte ikkje borgarkrig
Manusforfattar for «Birkebeinerne» Ravn Lanesskog er klar i talen når det gjeld den til dels blodige handlinga:

– Dei leikte ikkje borgarkrig i Noreg i mellomalderen.

Lanesskog blei spurt i 2011 om å skrive ei historie ut frå måleriet til Bergslien.

– Eg hadde skrive eit filmmanus om kong Sverre, bestefaren til vesle Håkon Håkonsson i filmen, og hadde lese meg opp på sagaene. Men du kan ikkje filme sagaene, du må ta grep og forenkle og dramatisere.

Til NTB seier Ravn Lanesskog at han har tenkt å ta opp igjen planane om kong Sverre-filmen igjen.

– Kanskje ein kan lage ein prequel til «Birkebeinerne»? Skaper filmen interesse for denne perioden, er det bra. Det er ei tid få har tatt tak i, der ein har sett meir frå vikingtida. Men dette er minst like spennande.

 
– Flaks, sa Kristofer Hivju, som spelar Torstein Skevla, om scenene der kjemien mellom dei to birkebeinarane og vesle «Håkon» er hjartevarm og upåklageleg god. Foto: Ian Brodie / Paradox Film



Faktaboks

I vår tid går Birkebeinerrennet på ski og sykkelrittet Birkebeinerrittet frå Østerdalen til Gudbrandsdalen, til minne om ferda Torstein Skevla og Skjervald Skrukka gjorde med den to år gamle Håkon Håkonsson.

 (©NPK)