NHO: – Jenter bør vurdere teknologifag

Framtida
Publisert
Oppdatert 07.01.2018 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor søkte nesten 20 prosent fleire sjukepleiarutdanninga, mens helse- og sosialfag hadde 13 prosent fleire søkjarar. På same tid sokk søkjartalet til NTNUs studium innan petroleumsfag kraftig.

NHOs kompetansebarometer viser at medlemsbedriftene etterlyser særleg to grupper: ingeniørar og fagarbeidarar.

– Dei fleste av våre 25.000 medlemsbedrifter svarer at dei ønsker seg fagarbeidarar, seier Kristina Jullum Hagen, direktør for arbeidsliv og kompetanse i NHO.

Ho legger til at Noreg scorar lågt på delen som tar utdanning innan ingeniør- og teknologifag, samanlikna med andre land, for eksempel Tyskland. Der er delen studentar innan desse faga er dobbelt så høg.

4 av 10 medlemsbedrifter i NHO seier at dei har behov for ingeniørar og teknologar.

Jenter er underrepresentert
– Vi ønsker derfor at studentane skal vere obs på dette. Bedrifter har behov for folk med realfag og teknologifag. Og spesielt vil eg oppfordre jenter, som er sterkt underrepresentert i desse faga, til å tenkje utradisjonelt, seier Jullum Hagen (bildet).

– Næringslivet står framfor store teknologiske utfordringar og endringar, og vi hadde gjerne sett at fleire jenter vel å vere med på denne reisa, seier ho.

LES OGSÅ: Vegen mot draumekarrieren

Tverrfaglegheit
Jullum Hagen strekar også under eit stort behov for å tenkje tverrfagleg.

– Vi ser at behovet for tverrfagleg og dobbeltkompetanse aukar. Utviklinga krev at ein tenkjer nytt i samspel med andre fag, og tverrfagleg forståing vil bli meir og meir etterspurt, meiner ho, og gir eit konkret eksempel.

– Dersom nokon skal utvikle ein app, vil det å ha innsikt i psykologi eller brukaråtferd, gi betre nytte.

Det generelle rådet til kommande studentar er uansett å velje noko dei liker.

– Og det kan jo bety å våge å satse utradisjonelt, seier Jullum Hagen.

Sjekk opptakskrava
Nasjonalt senter for felles system og tenester for forsking og studium (CERES) vil verken spekulere om kva som blir årets studietrend eller gi nokon råd om kva for studium ungdom skal søke seg mot. Men CERES gir gjerne råd om sjølve søkjeprosessen.

– Alle bør sette seg godt inn i opptakskrava og sjekke at dei faktisk er kvalifisert, seier Geir Andersen, avdelingsleiar i CERES.

– Vi ser at mange – enten fordi dei er for optimistiske, eller fordi dei ikkje har sjekka godt nok – søkjer seg til studium dei ikkje har poeng for å komme inn på, seier han.

Poenggrensene endrar seg lite frå år til år, så ein bør ha eit godt utgangspunkt for å vurdere om ein faktisk kan komme inn. Dersom det er langt opp, bør ein reorientere seg, legger han til.

Søk i tide
Andersen åtvarar samtidig mot det han kallar “taktisk søking”. Ein kan til saman søke på ti studiestader.

– Nokon trur det er lurt å prioritere det ein er heilt sikker på at ein kjem inn på, mens drøymestudiet blir prioritert ned på lista. Men systemet fungerer ikkje slik, kjem du ikkje inn på førsteval, rykker dei andre vala opp, seier han.

Eit siste, men avgjerande tips er å søke i god tid.

– I år er fristen 15. april. Men ikkje vent til siste dag. Plutseleg skjer det noko uventa, er ein på hytta, fell kanskje nettet ut. Då er ein i trøbbel. Det er søkjaren sjølv sitt ansvar å levere søknaden i tide, strekar Andersen under. (©NPK)

LES OGSÅ: No skal det bli vanskelegare å koma inn på utdanningar