Nettprogram skal hjelpe folk med søvnproblem

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan hjelpe folk med søvnproblem

Éin av sju nordmenn har søvnproblem, men no skal eit interaktivt nettprogram prøve å hjelpe forsøkspersonar til å sove betre.

Det største forskingsprogrammet på søvnproblem i verda er nyleg lansert, skriv NRK. Gjennom nettprogrammet «Sleep Healthy Using The Internet» skal folk med vanskar med å sove få eit tilbod som svarar til samtaleterapi med psykolog eller søvnspesialist. Programmet vart utvikla i USA og er omsett til norsk.

Psykologispesialist ved NTNU, Håvard Kallestad seier at søvnproblem er eitt av dei mest hyppige helseproblema i Noreg, men at terapi er betre enn sovemedisin.

– Søvnproblem er eitt av dei hyppigaste helseproblema vi har her i landet. Og sjølv om mange har god effekt av sovemedisinar, veit me at kognitiv terapi er den aller beste behandlingsforma, seier Kallestad.

Kognitiv søvnterapi går i all hovudsak ut på å endre åtferdsvanar og måtar vi tenkjer på, og snu den mentale innstillinga til søvn. Målet med studien er å undersøkje om det internettbaserte programmet fungerer. (©NPK)