Nekta å melda Arme Riddere

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det eg oppfatta var så forstyrrande, øydeleggjande for heile opplevinga, at eg merka at eg mista grepet på filmen, seier VG sin filmanmeldar Jon Selås til VG Nett.

Selås, som har vore filmmeldar i over 20 år, seier til avisa at han rett og slett ikkje klarte å melda den Magnus Martens-regisserte filmen "Arme Riddere", på grunn av sterke assosiasjonar til terrorhandlingane 22. juli.
 
Framkallar bilete
– Det er ein sånn skitenrealistisk actionkomedie, og det er grafiske scener – for øvrig godt laga – av folk som blir skotne, kroppsdelar som blir liggande igjen. Alt dette ligg til denne typen film, men medan dette utviklar seg i filmen klarar eg ikkje la vera å framkalle bilete av alt det me veit har skjedd under nedskytinga på Utøya. Eg blir ikkje kvitt det, seier Selås.

LES SISTE FILMNYTT HER!

I filmmeldinga som han likevel har skrive, men utan terningkast, skriv Selås mellom anna dette:

"Jeg har sett oppfinnsom, "morovold" i bøtter og spann gjennom årene. Dette er grotesk, men ikke verre eller, sånn sett, mer umoralsk enn snittet for sjangeren. Og rent teknisk ser jeg jo at timingen, klippingen og kommentarene er godt filmhåndverk. Men for meg vokser klumpen i brystet: Jeg blir ikke kvitt bildene. Nedslaktingen vekker assosiasjoner jeg ikke burde fått og antydninger som ikke burde vært der. Og det blir totalt dominerende. Dette er ikke morsomt."
 
Overraska og lei seg
"Arme Riddere"-produsent Martin Sundland er overraska og lei seg for mottakinga i landets største avis.

– Så utruleg trist å høyra at nokon får slika assosiasjonar. Noko liknande har eg ikkje fått nokon antyding om på noko vis. Eg er lei meg på anmeldaren sine vegner. Me har ikkje ønskja å støyta nokon, seier Sundland til VG Nett.

LES SAKA I SUNNHORDLAND.NO!