Neandertalarane var fyrst ute med kunst og kultur

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Neandertalarar med kunst og kultur

Historisk har neandertalarane fått skildringar som holebuarar, steinalderfolk og brautande dumskallar. Forskarane fortel at inntrykket ikkje stemmer med observasjonane.

Det er på tide å sjå neandertalarane i eit nytt lys:

Neanderthal Museum
Ein neandertalar i dress og slips. Foto frå neandertalarmuseet i Tyskland, Flickr/suchsosch/CC BY.

Her er fem nyare forskingsresultat som gir eit moderne og kultivert inntrykk av neandertalarane:

1. Neandertalarane laga skulpturar i ei hole i Frankrike, 176 000 år før planane om Ekebergparken.

2. Dei laga pyntegjenstandar av ørneklør for 130 000 år sidan, og for 42 000 år sidan laga dei smykker av tenner, skjel og elfenbein. Funna indikerer kreativitet, estetisk sans og kultur med bruk av utsmykking.

3. Neandertalarane rissa inn den aller fyrste emneknaggen, for om lag 40 000 år sidan. #neandertalar

4. Dei hadde hørsle om lag som oss. Samanlikning av dei små beina frå øyret hjå menneske og neandertalarar viser at sjølv om beina hjå neandertalarane er utforma annleis, fungerte dei truleg om lag likt som våre.

5. Du ber med deg viktige spor frå ein neandertalar. 2 prosent av genomet til alle europearar, asiatar og ikkje-afrikanarar er frå neandertalarar. Artane blanda seg, og gena som vart ein del av genomet vårt vitnar om evolusjonære fordelar hjå avkomma. Ver stolt av desse 2 prosenta!

Neanderthal Museum
Du ber med deg 2 prosent genetisk materiale frå neandertalarane. Foto: Flickr/Clemens Vasters/ CC BY

Ein bonus heilt til slutt: Nokre av neandertalarane hadde raudt hår, slik som Pippi Langstrømpe og prins Harry. Folk med raudt hår er kule, ergo er neandertalarar kule! 

LES OGSÅ:  Idefestival med banebrytande teknologi

Faktaboks

Neandertalarane levde i Europa og i det vestlege Asia fram til om lag 30 000 år sidan.

Dei var noko lågare enn moderne menneske, med ein større hovudskalle og framståande bein bak augnebryna.

Det er framleis usikkert om det var klimaendringar, sjukdommar eller massedrap som utrydda dei.