Naudhjelp til Noreg vekkjer oppsikt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Naudhjelp til Noreg – ein hit

– Kritiske situasjonar fortener å bli omtalt. Men når det er det einaste som blir omtalt, bidreg det til eit skeivt bilde av Afrika, seier Erik Schreiner Evans, leiar i SAIH – Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond. Det er dei som står bak Youtube-videoen ”Africa for Norway” som no har passert 1,3 millionar visningar på Youtube (sjå nede på sida).

– People don´t ignore starving people, so why should we ignore cold people? spør hovudrolleinnehavaren i retorisk, i det som liknar veldig på LiveAid.

Videoen har mellom anna blitt omtalt både på New York TimesHuffington PostBBC og The Guardian.

– Mange afrikanarar er leie av stereotypiane i Afrika. Og mange andre har òg gått med ein snikande mistanke om at bildet som blir vist av kontinentet er mangelfullt, seier SAIH-leiaren til Framtida.no.

Blant dei som trykkjer videoen til sitt bryst er den populære afrikanske bloggen Africa Is A Country, som òg har intervjua SAIH-leiinga om videoen.

LES OGSÅ: – Problematisk at me ikkje slepp til afrikanske bønder

Åtvarar mot langtidseffekt
Erik Schreiner Evans meiner at det skeive mediebildet er skadeleg for bistandssaka.

– Når ein stadig ser bilde frå katastrofar, så kan det gje inntrykk av at naudhjelpa ikkje er til hjelp. Det vil skada gjevargleda over tid, seier SAIH-leiaren. – Dessutan er det nedlatande, legg han til.

– Katastrofane er eit symptom på eit større problem. Det me må snakka om er årsakene til problemet. Som til dømes at det flyt ut 10 gonger så mange ressursar ut frå Afrika enn ut av kontinentet, påpeikar han.

Evans meiner forbruksmønsteret vårt og importregimet vårt er det me må retta søkjelyset mot.

– Mange lener seg tilbake  etter at dei har donert til ein innsamlingsaksjon, medan det hadde vore så uendeleg mykje meir effektivt setja krav til norske politiske parti.

– Me ønskjer meir heilskapleg informasjon frå både media og bistandsorganisasjonane, og at folk blir behandla med respekt, seier SAIH-leiaren.

QUIZ: Kva veit du om Afrika?

– Etisk tankekors
Videoen er laga med eit lite budsjett, påpeikar han. Folk har stilt opp gratis eller mot symbolske summar. Bilda av forfrosne nordmenn har SAIH fått frå NRK. SAIH ønskte òg å visa bilde av kalde norske born i snøen. Men der fekk dei nei.

– I Noreg er det strenge etiske retningslinjer for å visa fram born. Då er det eit etisk paradoks at ein så lett kan bruka afrikanske born i veldig sårbare situasjonar i media og innsamlingsaksjonar. Eg kunne brukt sterkare ord, men eg seier det er veldig etisk vanskeleg å ha andre standardar for korleis ein viser fram norske og afrikanske born.

(artikkelen held fram under videoen)


LES OGSÅ: Fleire born overlever: – Viser at bistand virkar

Overraska
Det er ikkje første gong SAIH skaper blest om kampanjane sine. I fjor klarte SAIH å hissa på seg den iranske ambassaden med ein skrekkfilmliknande plakat om utdanning der ayatolla Khomeini var avbilda saman med Stalin og Hitler.

Tilbakemeldingane på videoen har stort sett vore veldig positiv denne gongen.

– Eg er veldig overraska over all merksemda som videoen har fått, seier Erik Schreiner Evans.

– Det mest overraskande var ei eldre dame som ringte inn og ville senda radiatorar til oss. Me veit ikkje om det var spøk, men ho virka veldig oppriktig.

Kva synest du om utanriksdekkinga i norske aviser?