Natur og Ungdom rosar Frp-minister

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rosar til Frp-minister

Tysdag blei det klart at samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen ønskjer å sjå på høvet for å innføra gratis buss og tog før klokken 07.45 om morgonen. Natur og Ungdom meiner det er flott med gulrøter for kollektivbrukarar, men at ministeren ikkje må gløyma rota til rushtidsproblema, nemleg privatbilismen.

– Det er flott at ministeren ønskjer å spreia den enorme rushtidstrafikken og få folk over på kollektivtransport, og det skal han ha skryt for. Samstundes er det viktig at ein løyser desse problema også ved å få færre til å velja bilen, understreker Karen Hjelmervik Nerbø, fagleiar for samferdsel i Natur og Ungdom.

LES OGSÅ: Her får russen gratis tog og buss

Gratis kollektivtrafikk tidleg på morgonen kan vera eit effektivt incentiv for å få folk til å velja kollektivt. Derimot  er det minst like viktig at ministeren innfører tiltak for å få bukt med den veksande privatbilismen.

– Statsråden må ikkje gløyma at hans kanskje viktigaste jobb er å sørgja for ein nullvekst i privatbilismen, slik det står i Klimaforliket. Då kan det vera lurt å spreia den trafikken som allereie finst, men det er helt uaktuelt å gjera det billigare å køyra bil slik han snakkar om. Det vil berre føra til ein trafikkvekst, seier Hjelmervik Nerbø (bildet).

Både forsking og erfaringar frå utlandet viser at det er nødvendig med restriktive tiltak for å løysa køproblema. Natur og Ungdom meiner det er dette som skal til for å stoppa veksten i privatbilismen, og at Solvik Olsen har feil tilnærming når han vil gjera det billigare å kjøre gjennom bomringen utanom rushtida.

– Frp-ar eller ei, det viktigaste er å innføra tiltak som funkar. Gratis buss og tog er bra, men ministeren må ikkje gløyma at dette er et problem som krev at ein set alle klutar til; også mot privatbilismen, avsluttar Hjelmervik Nerbø.

LES OGSÅ: Uroa for rekordstor auke i togtrafikken