Når to taparar finn redninga i rocken

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert på Porten.no

I denne låten, som har fått namnet «Du og Eg», blandar Eirik Sognnes saman gladrock, nostalgi og refleksjon. I låten finn to «taparar» saman og finn redninga i rocken.

– Eg ønskte skriva ein låt som hylla venskapet, galskapen, latteren, draumane, trøysta, sorga og tryggleiken eg har delt med gutane i nabolaget i oppveksten, seier den unge lærdølen om den nye låten som kjem i slutten av månaden.

 Kven blir vinnarar og taparar? spør Sognnes i den nye låten sin.

– Eg ville at låta skulle høyrast naiv nok ut til at den kunne vore skrive av meg og min besteven på ungdomsskulen, samtidig som at låta ser tilbake på denne tida med vaksne auge.

Stiller spørsmål ved verdiar
Sognnes kjem frå Lærdal og jobbar hardt med musikken. Lærdølen skriv ærleg, usminka viserock som famnar om tema som det ofte er vanskeleg å snakke om. Trass alvoret, er låtane ofte rytmiske og melodieøse.

I år er han aktuell med eit singelkonsept som har fått namnet «Heim». I februar kom den første songen i konseptet «Fri meg». No stiller Sognnes spørsmål kring nabolaget og heimen ein veks opp i, og om det set grenser for kor store draumar ein bør ha.

– Mange er ikkje vinnarar eller taparar før dei byrjar i skulen, men der startar utsilinga, meiner han og spør:

– Kva verdiar er det me verdset? Kven blir «vinnarar» og kven blir «taparar»? «Du og Eg» er ein hyllest til dei altoppslukande draumane og redninga mange av oss finn i musikken – i rocken.

Songen er spelt inn i Broen Studio i Bergen og er produsert av Sognnes sjølv saman med Jens Kristian Mørkeby Rimau, som også står for miks. Iver Sandøy har mastra, og låta blir gitt ut på FrontRow Records.

Møt Daniel Kvammen, som ikkje er feminist for moro skuld.