Når språket skaper seg

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språket blir hovudperson

Arne Henning Årskaug (29) gjekk, som mange forfattarar før han, svolten og ulukkeleg rundt i gatene i Bergen for fem år sidan. Han var arbeidslaus, måtte snylta på kjærasten for å ha ein plass å bu, og var nær botnen.

Også som mange forfattarar før han, fylte han dagane med å skriva. Fem år seinare har debuten komme ut – «Utstyrstekstar», ei prosasamling med tekstar om folk som skaper seg, ifølgje forfattaren.

– Karakterane i boka hamnar i ulike samanhengar der dei blir råka av noko sosialt ukomfortabelt som dei ikkje klarar å handtera. Kort oppsummert, seier Årskaug.

Ein torsdag føremiddag sit han på ein kaffibar i Oslo og gjennomfører sitt første intervju om debuten, som kjem ut på Samlaget 21. april.

LES OGSÅ: Samlaget aukar talet på nynorske lettlestbøker

Utstyrsfilm, utstyrstekstar
– Boka mi har fått den litt vage sjangernemninga prosasamling, og er 13 tekstar om folk som skaper seg. I tillegg seier forlaget at boka som full av språkleg overskot og unike forteljargrep, seier debutanten litt sjenert.

Tittelen på boka er eit uttrykk Årskaug har funne på sjølv, med tung inspirasjon i gamle filmar.

– Det er ei litt avleggs nemning som heiter utstyrsfilm, om gamle filmar, musikalar og kostymedrama som fokuserte mykje meir på effektar og kulissar framfor sjølve handlinga. Ideen er at språket skal ha litt same effekten som desse gamle kulissane

Det språklege overskotet er med andre ord dominerande, både i ordval og utforming. Store bokstavar sprett ut på sida, og eit breitt utval av mindre brukte nynorskord får utfolda seg.

– Karakterane i boka mi er forbløffande identitetslause, tykkjer eg sjølv. Så det må nesten bli slik. Det er ein tekst som skaper seg, kan du sei.

Det spesielle ordforrådet er bevisst, ikkje eit resultat av vane.

– Det har vore eit mål å finna fram til dei uvanlege orda som ikkje fortener å vera uvanlege. Det er det triste med nynorsken – ord som blir lite brukt endar med å bli ordlistefyll. Det er jo trist at dei skal enda opp der.

LES OGSÅ: Fire mytar om norsk – stemmer dei?

Det fargerike språket var ikkje noko Arne Henning Årskaug måtte kjempe med forlaget om, for å gjera resultatet lettare å svelga for den jamne lesaren.

– Eigentleg ikkje, men det var nok litt meir dialekt før korrekturlesaren såg gjennom det.

Forlaget har i det heile spelt på lag med debutanten heile vegen – og gitt han det nødvendige sparket i baken for å fullføra Utstyrstekstar. At det i det heile tatt har blitt ei bok, er det som imponerer Årskaug mest.

– Det har tatt meg to år å skriva tekstane i denne boka, og forlaget var med frå i fjor. Eg tykkjer eigentleg det er heilt imponerande at eg har fått det til. Kvaliteten på boka kan eg ikkje sei noko om, men at det i det heile vart ei bok av det.

Skulle tekstane alltid enda opp i ei samla bok?

– Ja, på eit vis. Det var tenkt som ei anna bok enn kva det enda som, men det er ikkje så uvanleg å oppdaga at det du skriv på er noko heilt anna enn du hadde tenkt. For lenge sidan var det eigentleg ein kontorroman eg skulle skriva, men den er det ikkje noko igjen av i dag.

«Utstyrstekstar» er ei nemning Årskaug har funne på sjølv, inspirert av utstyrsfilmar, der kulisser og kostymer var viktigare enn sjølve handlinga. I denne boka har språket ei slik rolle. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Stuttreiste mord frå Lom

Kantineskrekk
At Arne Henning Årskaug enda opp med å vandra arbeidslaus rundt i Bergen i eit år, og med det vart forfattar på den tradisjonelle måten, kan knytast opp til ei spesiell frykt.

– I ettertid har eg tenkt at den jobben eg ikkje hadde i Bergen kunne eg sikkert fått om eg ville hatt den, men det var nok ei form for sjølvsabotasje. Eg er også veldig lite glad i å sitta i kantiner. Å jobba med andre går ganske greitt – du har eit profesjonelt forhold til dei og kjenner dei gjennom jobben. Men det når eit kritisk punkt når du kjem til kantina og skal snakka om livet utanfor. Det er noko av det mest dramatiske eg kan tenka meg, med konstruerte samtalar om sjuke ungar og sjukare foreldre, fortel Årskaug, og ler lett på ein måte som syner at frykta for kantineprat er ektefølt.

– Eg vil ikkje sei at eg byrja å skriva fordi eg ikkje likte kantiner, men det er ikkje langt ifrå, legg han til, og tek ein ny slurk med kaffi.

På skulebenken
Etter å ha vandra rundt i Bergen i eit år og funne ut at skriving var noko han fann glede i, kom Årskaug inn på forfattarstudiet i Bø. Det var der han fann ut at skrivekunsten faktisk var noko å satsa på. Dette fekk han utvikla vidare på Skrivekunstakademiet i Bergen.

– Det varierer kor mykje ein får ut av slike skular, men eg hadde godt utbyte av det. Det finst ein del fordommar mot skriveskular om at alle skal skriva likt og hamnar i same spor. Eg kjenner meg ikkje igjen i det, me vart oppmoda om å ha den stemma me hadde. Eg trur den stemma eg har vart til på nettopp dei skulane. Eg er eigentleg takksam, seier han om studietida. No er han i Oslo og fullfører bibliotekarstudiet.

Nervane før debutboka kjem ut varierer frå dag til dag. Dette intervjuet behandla han litt som eit jobbintervju, med frykt for å sei noko feil.

Har du fleire bøker i deg?

– Eg håpar det. Dette er eit yrke eg kan trivast med. Med det sagt er eg ikkje så forferdeleg glad i sjølve skrivinga. Eg er meir glad i redigeringsfasen, der eg kan pirka rundt og byta ut småord for å sjå kva som fungerer best. Men sjølve skrivinga kan vera tungrodd å få i gang til tider. Derfor er det ekstra imponerande at eg fekk til dette, seier debutanten.

LES OGSÅ: – Ungdom vil bli tatt seriøst

Faktaboks

Framtida.no vil kvar månad trekka fram ein debutant me har trua på. Den første i rekkja er Arne Henning Årskaug.

Han gir ut boka «Utstyrstekstar» på Samlaget.

«Utstyrstekstar» er ei samling med historier der folk skapar seg til, og eit fargerikt språk har ei viktig rolle.

Boka kjem ut 21. april.