Når blogginga blir terapi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er ikkje ein person som bryr seg om kva andre meiner om meg. Eg gjer som eg sjølv vil, og trivs med det, seier Hanne Presthaug.

Me sit i finstova i einebustaden i Vinkelen på Stord.

Hanne er kledd i kvit t-skjorte, ein stor ullcardigan og tronge, mørke jeans.

LES OGSÅ: Springerinne til hjelp

«Joggebuksejento 94»
Ho lempar begge beina opp i sofaen, varmar lett på dei store tjukkelubbene, og held fram:

– Men det har ikkje alltid vore slik.

Då Hanne var yngre gjekk det nemleg mykje meir tid med til å tenkja på kva andre måtte meina om ho.

Det tæra på ho.

– Eg har alltid likt joggebukser og ullsokkar, for eksempel. Men det er ikkje alle som synest det er greitt å kle seg i det når ein skal ut av huset. Sjølv fekk eg kallenamnet «Joggebuksejento 94». Det var ikkje noko kjekt.

Hanne sit meir framoverlent no.

Tonen er skarpare, 20-åringen er tydeleg engasjert.

LES OGSÅ: – Ver deg sjølv

Sjukdommen og presset
Nettopp kleskodar og gruppepress har verkeleg sett fyr på bloggen til stordabuen.

Eit av dei siste innlegga hennar, «Aldri god nok», har i skrivande stund nådd godt over 40.000 på Facebook.

– Det er heilt sjukt. Men det er flott, òg. Det trur eg viser at andre har same oppfatning. Det er ikkje rett at born allereie på barneskulen skal føla seg dårlege og teite berre fordi dei ikkje har Hunter-støvlar eller andre in-plagg.

– Du sa du ikkje alltid har klart å ignorera andre sine meiningar. Kva skjedde?

– Eg var veldig sjuk for ei stund sidan. Då fann eg vel ut at eg ville gjera som eg ville, og ikkje ha dårleg samvit for det. Livet er for kort til den slags, seier Hanne.

Like etter bloggaren fylte 19, fekk ho nemleg pusteproblem og måtte oppsøkja lege.

– Det eg trudde var lungebetennelse viste seg å vera lungeemboli – altså blodpropp i lungene. Eg blei innlagd med ein gong, fortel Hanne.

– Kva tenkte du då?

– Det første som slo meg var at eg aldri kom til å få gå med den kvite brudekjolen eg har drøymt om. Eg blei heilt sett ut. Eg var jo berre nitten år. Blodpropp skulle ikkje kunne råka så unge personar som meg.

LES OGSÅ: Èin av tre tek p-pillene med høgast risiko


Foto: MARIUS KNUTSEN 

Foten i grava
Når ein får lungeemboli riv ein blodpropp seg laus, og blir frakta til lungene. Der blokkerer den ein av blodårene.

Årsaka viste seg å vera ein biverknad på p-pillene Hanne gjekk på.

– Eg var veldig sjuk, veldig lenge. Eg var redd og fekk høyra at eg hadde ein fot i grava. Det var ikkje noko særleg.

Sjølv då ho var på det sjukaste, delte ho sine eigne tankar og kjensler på bloggen sin.

– Eg har ei grense, eg deler ikkje alt. Men blogginga har blitt ein slags terapi for meg. Ein får på ein måte skrive ned det ein tenkjer på. Det hjelpte då eg var sjuk.

No er endeleg 20-åringen heilt frisk. Blogginga er enno ein stor del av kvardagen.

– Eg skriv om alt mogeleg. Og ikkje minst når eg føler for det. Eg er ikkje sånn at eg må ha eit par nye innlegg kvar dag. Det kan fort gå nokre dagar mellom kvar gong. Jobben som heimesjukepleiarlæring og trening kjem før blogginga. Eg kunne elles aldri tenkt meg å jobba som bloggar, seier Hanne.

– Du bloggar om at kjøpepress er ein uting. Samstundes legg du ut bilete av deg sjølv i «dagens outfit». Du er ikkje redd for at folk kan oppfatta deg som inkonsekvent?

– Nei, kjem det konsekvent frå sofakroken.

– Eg tenkjer ikkje på korleis folk oppfattar det eg skriv. Eg kjøper det eg har lyst på. Men eg er veldig prisbevisst, og tenkjer mykje gjennom kva eg treng før eg eventuelt kjøper det.

LES OGSÅ: Vil gjera det lettare å handla etiske klede

«Joggiss» og «engletiss»
Ho er også oppteken av at alt ikkje må vera perfekt for å nå bloggen.
Det skal vera ekte.

– Eg for eksempel heilt håplaus på kjøkenet. Men eg hugsar ein gong eg skulle laga brownies. Frå ein sånn ferdig-pose. Den såg heilt perfekt ut, men då den var ferdig nedkjølt og eg skulle ta den ut av forma, så rant heile kaka utover kjøkendisken, ler Hanne.

– Måtte du kasta kaka, då?

– Nei då. Eg elskar jo sjokolade. Så eg berre fann fram ei skei og åt frå benken, hehe.

– Du nemnde denne brudekjolen …

– Ja, hehe. Eg er vel litt sånn som jenter flest på det punktet. Eg har sett for meg, og planlagd, bryllaupet mitt i mange år. Det meste er klart. Brudekjolen skal eg mellom anna kjøpa frå Kina. Seremonien må vera på ei årstid kor det er mogeleg å ha vassliljer på borda, smiler Hanne.

– Har du funne draumemannen då?

– Nei. Ikkje enno. Det er ikkje noko eg stressar med. Men han må ha gode haldningar, samstundes som han kan ta på seg «joggissen», slengja seg ned på sofaen med ein god serie og eta «engletissar (ostepop, journ. anm.)».

Les saka i Bladet Sunnhordland!

Faktaboks

Namn: Hanne Presthaug
Yrke: Heimesjukepleiarlærling
Sivilstand: Singel
Bustad: Vinkelen, Stord
Alder: 20
Aktuell: Populær med bloggen hannepresthaug.blogg.no.

Fem kjappe:

Kva tek du med deg til ei aude øy?
– Kvitvin, eit lass med bøker og god mat. Ja, og optimisme då, sjølvsagt. Eg håpar jo at noko reddar meg der.

Uvane du vil bli kvitt?
– Pitla på fingrane. Det gjer eg heile tida.

Favorittmat?
– Taco og pinnekjøt.

Perle i Sunnhordland?
– Det må bli Katla, på Bømlo. Der ligg barndoms­heimen til mormor. Eg har utruleg mykje kjekke minner derfra.

Kva gjer du om ti år?
– Då har eg fast jobb som heimesjuke­pleiar og har funne mannen i mitt liv. Draume­brylluppet blei vellukka og eg spring etter ungane i stova.