Nakenbilde og mobbing på Snapchat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snapchat er den raskaste bildetenesta på mobil i verda. I motsetning til andre sosiale medium, som Facebook og Instagram, forsvinn bildet etter at brukaren har sett det, skriv NRK.

Sjølvdestruksjonsfunksjonen gjer at terskelen for å dele grove bilde blir lågare, og det har også gjort sexting til eit populært fenomen, altså at ein sender bilde, tekst eller video med seksuelt innhald.

LES OGSÅ: 9500 mindreårige har delt nakenbilde av seg

Men sjølv om bildet sjølvdestruerast etter eit par sekund er det ikkje vanskeleg å ta skjermdump av bildet, og ein kan lett ta bilde av mobiltelefonen med eit anna apparat – ein mobil, PC eller eit kamera.

– Det finst ingen angrefrist på internett. Ting som er sendt fortruleg kan lett hamne hos nokon andre, og dei kan enkelt lastast opp på ei anna nettside, fortel Christian Meyer, seniorrådgivar i Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS).

LES OGSÅ: Verst på å oppsøkje skadelege nettsider

Snapchat er populært blant den såkalla tween-generasjonen, altså barn i alderen 9 – 14. Aldersgruppa er mindre moden enn tenåringane, og mindre bevisst på digitale haldningar, meiner Meyer.

– Det er typisk at ein 11-åring ikkje ser rekkjevidda av handlingane sine, seier Meyer til NRK.

Rådet hans til foreldre er å vise interesse for kva barna driv med på maskinar og mobilar.

– Å prate om livet på sosiale medium er ein del av foreldrerolla i 2013. (©NPK)