Myten om den reine, norske oljen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Noreg har verdas reinaste oljeindustri» – setninga har blitt noko nær eit mantra i norsk olje- og miljø­debatt. Påstanden blir ikkje berre stadig repetert av oljenæringa sjølv, men òg av sentrale politikarar – til dømes olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp). Denne veka var han på Dagsnytt Atten for å kommentere det siste Stat­oil-funnet i Barentshavet. «Norsk olje- og gassindustri er den reinaste produsenten av fossile energikjelder i verda», slo statsråden fast.

Liknande utsegner har Ola Borten Moe kome med ved ei rekkje høve. «Det er ikke riktig at vi som har den reneste produksjonen av olje og gass skal begrense vår produksjon», sa han i eit foredrag i Stavanger i fjor haust, sitert av Teknisk Ukeblad. «Norge har den reneste oljeproduksjonen i verden», sa han til ANB 1. september i fjor.

Statsråden læt her som eit ekko av oljebransjen, og bransjen er sjølv det reinaste ekkokammeret: «Vi har den reneste produksjonen i verden», sa Øi­stein Johannessen, kommunikasjonsdirektør i Statoil, til Dagens Næringsliv i desember i fjor. «Norsk olje- og gassproduksjon er den reneste i verden», sa Per Terje Vold, daverande direktør i Oljeindustriens Landsforening (OLF) til Vårt Land i 2009. «Norge har verdens reneste oljeproduksjon», sa Gro Brækken til NRK da ho tok over som OLF-direktør ved nyttår 2010.

Vi kan altså slå fast at mange seier at norsk oljebransje er verdas reinaste. Men er det sant?

«Verdas reinaste»
Svaret på det er ikkje heilt enkelt å finne. Det er ikkje opplagt kva det tyder at ei oljenæring er «reinast i verda», for ureining frå oljeverksemd kan vere så mangt. Og dei som skryter av «verdas reinaste oljenæring» forklarer sjeldan kva dei meiner. Men dei siste åra har mykje av oljedebatten i Noreg handla om klimagassutslepp, vel så mykje som om oljelekkasjar og andre typar utslepp.

Olje- og gassutvinninga står i dag for kring ein fjerdedel av dei norske klimagassutsleppa (da er sjølvsagt ikkje utsleppa frå forbrenninga av produkta rekna med). Men næringa rosar seg sjølv for å vere verdsmeister likevel.

Her er eit døme frå www.verdensklasse.no, ei nettside der Oljeindustriens Landsforening profilerer bransjen som arbeidsgjevar overfor norsk ungdom: «Olje og gass produsert i Norge fører til 2,5 ganger mindre utslipp av klimagasser enn verdensgjennomsnittet. Dette gjør Norge til verdens reneste produsent av petroleum.»

Slik presenterer altså norsk oljenæring seg sjølv for ungdomen: «Verdas reinaste produsent» tyder «produsenten med dei minste klimagassutsleppa».

Men det er ikkje sant
Men så kjem vi til den store haken: Norsk oljeproduksjon er ikkje den reinaste i verda når det gjeld klimagassutslepp. Og det er bransjens eigne tal som syner det. I Miljørapporten for 2011 frå Oljeindustriens Landsforening går det fram at klimagassutsleppa per produserte fat frå norsk sektor no er høgare enn utsleppa per fat frå oljeproduksjon i Midtausten. Medan norsk oljeindustri i 2010 sleppte ut 8,7 kilo CO2 per fat produsert olje, var utsleppa i Midtausten 6,91 kilo per fat. Dei norske CO2-utsleppa er dermed over 25 prosent høgare.

Utsleppa i Midtausten har gått bratt nedover dei siste åra, mykje takka vere mindre fakling (brenning av overflødig gass). Og utsleppa per produsert fat i Nordsjøen har gått opp, mykje fordi det krev meir energi å få olje og gass opp frå dei aldrande felta der trykket i reservoara er mindre enn før. Dessutan produserer Noreg meir gass enn før, noko som krev meir energi enn oljeproduksjon.

Resultatet er at norsk olje­industri ikkje lenger kan skryte av å vere den reinaste i verda, i alle fall ikkje når det gjeld klimagassutslepp.

Tala undergrev skrytet
Dei internasjonale tala som OLF nyttar, er innhenta av oljebransjeorganisasjonen OGP (The International Association of Oil & Gas Producers). Det skal seiast at det heftar meir uvisse ved tala over oljeproduksjonen i Midtausten enn ved tala frå Noreg: Rapporteringa til OGF er friviljug, og berre eit mindretal av oljeselskapa i Midtausten har rapportert om utsleppa sine.

Men desse tala er like fullt dei beste som er tilgjengelege. Og dei støttar slett ikkje oppunder påstanden om at norsk oljeproduksjon er «reinast i verda». Påstanden stemde kanskje for nokre år sidan, men er vanskeleg å underbyggje i dag.

Midtausten produserer kring ein tredjedel av oljen i verda, og om tala til OGP er representative, er det dermed ein stor del av oljeproduksjonen i verda som er reinare enn den norske når det gjeld klimagassutslepp.

– Gledelege tal
– Nedgangen i utslepp i Midtausten heng truleg saman med at dei har blitt betre til å utnytte gassen, i staden for å berre fakle han. Det kan òg vere mindre energikrevjande å få ut oljen der enn her. Det er uansett gledeleg at andre land får ned utsleppa sine, seier Hildegunn Blindheim, som er fagsjef på miljø i OLF.

– Desse tala tyder på at vi i Noreg ikkje lenger kan seie at oljeindustrien vår er den reinaste i verda?

– Vanlegvis seier vel politikarane at vi er «blant dei reinaste i verda». Eg trur det er ganske kjent at Midtausten no er betre enn Noreg på denne statistikken, seier Blindheim.

Utan atterhald
Den nyanseringa Blindheim viser til, er kanskje kjend i bransjen. Men poenget kjem sjeldan med i det offentlege ordskiftet om norsk oljeverksemd. Gro Brækken, direktør for OLF og dermed sjefen til Blindheim, er av dei som stadig har omtala norsk oljeproduksjon som «verdas reinaste» – utan nyansar eller atterhald.

Her er eit døme frå ein debatt under Petroleumsdagen 2010 ved Universitetet i Oslo, sitert på nettsida til Norsk Petroleums­forening: «Den norske oljeindustrien står for en tredel av alt CO2-utslipp i Norge. Det kan sikkert gjøres bedre, men er likevel den reneste oljeproduksjonen i verden», sa Brækken.

LES OGSÅ: Teikneseriar mot oljeboring

CO2 er ikkje alt
– Det går på utslepp av CO2 per produsert eining. Om du ikkje synest tala frå oss i OLF er truverdige, kan du få tal på dette frå Klima- og ureiningsdirektoratet, seier Gro Brækken.

– Men det er nett tala frå OLF eg har sett på. Og Miljørapporten dykkar frå 2011 viser at norsk oljeindustri no har større CO2-utslepp per produsert eining enn oljeindustrien i Midtausten.
– Ja, det er rett at Midtausten har gått litt forbi oss.

– Så da er ikkje norsk oljeindustri den reinaste i verda lenger.
– Jau, det trur eg nok at han er. Dette handlar om meir enn klimagassutslepp. Men Noreg er saman med Midtausten i ein annan divisjon enn andre oljeprodusentar når det gjeld klimagassutslepp.

– Men når oljeindustrien i Midtausten har lågare utslepp enn den norske, er det vel ikkje korrekt å seie at norsk oljeindustri er den reinaste i verda?
– Ein kan godt spesifisere at akkurat når det gjeld klimagassutslepp, er oljeproduksjonen i Midtausten og Noreg på same nivå, om du meiner det er meir korrekt. Eg har ikkje sagt at Noreg har dei lågaste CO2-utsleppa. CO2 er ein vesentleg faktor, men det er òg mange andre typar utslepp til vatn og luft.

– Men da eg spurde deg om kva du meinte med at norsk oljeindustri er den reinaste i verda, trekte du sjølv fram CO2-utsleppa.
– Det er mogleg at du høyrde meg slik. Men CO2 er berre ein del av utsleppa, det finst òg mange andre typar utslepp. Når det gjeld CO2, har vi blitt litt dårlegare dei siste åra. Det går fram av tal som vi i OLF sjølve er interesserte i å offentleggjere. For å vere ærleg skjønar eg ikkje kva problemet er, seier Gro Brækken.

Krev ærlegare debatt
Håvard Lundberg, energirådgjevar i miljøstiftinga Bellona, ser derimot store problem med måten norsk oljenæring profilerer seg som «verdas reinaste» på.

– Desse tala syner at Noreg ikkje er den reinaste oljeprodusenten i verda. Vi må kunne vente at folk held seg til faktagrunnlaget og fører ein meir redeleg oljedebatt enn vi har hatt til no, seier Lundberg.

– Oljeindustrien står for 25 prosent av dei norske klimagassutsleppa, og det er mykje ein kan gjere for å få ned utsleppa på norsk sokkel. Men industrien gøymer seg bak påstanden om at dei har verdas reinaste produksjon og ikkje har råd til å gjere meir enn dei alt gjer. Det er ikkje tilfellet.

– Olje- og energiminister Ola Borten Moe har teke over retorikken frå bransjen på dette punktet?
– Ja, han har det. Vi forventar no at både petroleumsindustrien og olje- og energiministeren tek inn over seg dei nye tala og ser at industrien har ein lang veg å gå.

LES SAKA I DAG OG TID!