Musikkvideo: Among Colors

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein bursdagsfest for ein psykopat og eit breitt utval av studenterfaring er sentralt i musikkvideoen til Volda-bandet Among Colors.

Bandet er sett saman av musikkstudentar ved Høgskulen i Volda, og er snart klare med sin første EP. No er musikkvideoen til låta «Indefinite» klar, regissert av mediestudenten Atle Remmereit.

LES OGSÅ: Egil Olsen: Brukte konfirmasjonsgåva til musikkvideo

Preben Dale frå Among Colors skildrar handlinga i videoen på ein forsiktig måte for Møre-Nytt.

– Me samarbeidde med Atle Remmereit, og laga eit manus om ein kar som har bursdag, men som aldri heilt får det han leiter etter, og det får brutale konsekvensar for gjestane hans.

Sjå videoen her!

LES OGSÅ: Korleis me vart kvitt piraten i Noreg