Musikkstips: Høyr på Megadeth

Anette Fadnes Marcussen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Megadeth starta i 1983 med at Dave Mustaine blei sparka ut av Metallica.

– Du er ute, pakk tinga dine. Her er bussbiletten din, sa Matellica-trommisen Lars Ulrich.

Dei andre medlemmene av bandet køyrde Mustaine til bussplassen, der han reiste vidare til L.A. På bussen fann han ein lapp med påskrifta: «The arsenal of megadeath can't be rid no matter what the peace treaties come to.»

Hemn mot Metallica
Ifølge Mustaine representerer namnet «Megadeth» utsletting av makt, og er ein feilstaving av ordet «Megadeath», som betyr ein million dødsfall av kjernefysisk eksplosjon.

Mustaine starta då bandet Megadeth som ein hemn mot Metallica. Han ville at Metallica skulle gjere det dårleg, slik at han blei stjerna i biletet. Han hata alle, spesielt Lars Ulrich. Dei første albuma til Megadeth er derfor ganske mørke, fordi Dave Mustaine var ganske dyster, og ikkje minst rasande på sine tidlegare bandkameratar.

Etter kvart blei Megadeth eit seriøst opplegg, og Mustaine la fortida bak seg. I dag er Metallica og Megadeth venner, og har stort sett gløymt det som hendte.


Foto: Nick Ares / Flickr / Wikimedia Commons CC BY-SA 2.0

«Killing Is My Business… And Business Is Good!»
Etter å ha budd i L.A. ein kort periode, blei Mustaine kjent med bassisten David Ellefson. Saman med Chris Poland på gitar, og Gar Samuelson på trommer, spelte dei inn debutalbumet sitt: «Killing Is My Business… And Business Is Good!»

Albumet blei gitt ut i 1985, og inneheldt songen «Mechanix». Denne songen er skriven av Dave Mustaine, og er ein raskare versjon av Metallica sin «The Four Horsemen».

Oppfølgjeralbumet «Peace Sells… But Who’s Buying?», blei gitt ut berre eitt år etter, og inneheldt hittar som «Peace Sells» og «Wake Up Dead». Dette var det siste albumet Chris Poland og Gar Samuelson spelte på.

I 1986 døydde bassisten til Metallica, Cliff Burton, i ei tragisk bussulykke. Dette gjekk inn på Mustaine, og han fekk inspirasjon til songen «In My Darkest Hour», som hamna på Megadeth sitt tredje album: «So Far, So Good… So What!», som kom ut i 1988. På dette albumet var det to nye medlemmer: Jeff Young på gitar, og Chuck Behler på trommer.

LES OGSÅ: Kent 1990–2016: Ikkje som dei andre

«Rust In Peace»
Med mange endringar i bandet, kom Dave Mustaine endelig fram til den lineupen som kanskje er den mest kjente, som blir kalla «The Rust In Peace-lineup», fordi det var det første albumet dei nye medlemmene spelte på.

«Holy Wars…The Punishment Due», frå «Rust In Peace»

«Rust In Peace» blei gitt ut i 1990, og hadde som dei tre første albuma, Dave Mustaine på vokal og gitar, og David Ellefson på bass. Ny bak trommesettet var Nick Menza, og på gitar Marty Friedman.

I 1992 ga Megadeth ut albumet «Countdown To Extinction» – med fortsatt dei same medlemmene -som hadde den største hitten deira: «Symphony Of Destruction» (sjå video under).

Denne oppsetjinga fortsatte til etter Megadeth’s sjuande album: «Cryptic Writings», då Nick Menza blei sparka ut. Marty Friedman slutta etter albumet «Risk», i 1999, for å fortsette solokarrieren sin i Japan.

Vanvitige soloar
No er Megadeth eit av dei største thrash-metal banda me har i dag.

Sjølv om Dave Mustaine kanskje har eit litt dårleg rykte på seg, er han ein genial gitarist, som på sin VMNT Flying V gitar spelar vanvitige soloar.

Seinast den 22. januar i fjor ga Megadeth ut sitt femtande studioalbum, «Dystopia», som eg anbefalar strekt til Norges metal-fans.

Her er «Post American World» frå det nye albumet:

LES OGSÅ: Metallica 35 år