Møter sjeldan samisk

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språket er ein del av retten til likeverdige tenester, så samar skal kunne møtast med samisk språk når dei går til lear eller sjukehus.

Den retten er det ikkje mange som får oppfylt, skriv Dagens Medisin.

Det er sjukepleiar og stipendiat Inger Dagsvold ved Samisk nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsevern og rus og Universitetet i Tromsø som har komme fram til dette.

– Det samiske folket har rett til likeverdige tenester, språk er ein del av dette. Men få får tilbod om å snakka samisk med helsepersonell i dag, seier Dagsvold til Dagens Medisin.

LES OGSÅ: – Enklare å bruka samisk på sosiale medier

Det står i både Pasientrettslova og samisk språklov at personar med samisk som morsmål skal få bruka det i kontakt med helsepersonell, men det finst ingen konkret oversikt over kor mange i helsevesenet som kan samisk, eller kor mange pasientar som ønskjer å bruka samisk.

Det er derfor vanskeleg å finna konkrete tal på kor stort problemet er, men Dagsvold har sett nærare på dette i doktoravhandlinga si, der ho har intervjua fire pasientar med samisk bakgrunn.

– Me ser at sjølv om samiske pasientar snakkar norsk, kan dei ha eit ønske om å snakka samisk i akutte situasjonar og når sjukdom oppstår, forklarar Dagsvold.

Ho meiner det vil lønna seg å legga opp til at helseinstitusjonar har tolk som kan omsetta til samisk på sikt, sjølv om det ksotar meir no.

– Om det er slik at betre kommunikasjon gir meir effekt av behandlinga, vil det vera lønnsamt å legga til rette best mogleg, seier Dagsvold.

LES OGSÅ: Snakk samisk t'mæ – er flørting best på samisk?