Morosamt, fint og rart om å vere jente

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Studvest.

Det er fantastisk å vere jente. Nokon gonger, i alle fall – når ikkje postmannen klagar over å verte friendzona eller ein mensar i skinnseta til den søte taxisjåføren. Ida Neverdahl illustrerer det å vere jente på ein herleg enkel og tankevekkjande måte. Mykje ligg mellom linjene, men det er det som gjer det så herleg – alt som ikkje vert sagt, men som likevel ligg der for alle å sjå.

«I’m a girl, it’s fantastic», som er ei samling teikneserienoveller på 90 sider, er delt inn i fire ulike hovudhistoriar. Handlinga hoppar hit og dit mellom sexscener og bokseringar, mellom postmenn og mensen-skye. Det er litt absurd, men på ein god måte – morosamt, fint og rart om å vere jente, og enkelt og sårt om vanskelege tema som eteforstyrringar.

Noko av det beste med dei absurde teikningane er at dei tar opp ein del problemstillingar som er viktige å snakke om med ein sjølvsagtheit som er heilt herleg. «Fin cameltoe du har der», seier til dømes postmannen om hovudpersonen når ho betraktar seg sjølv i spegelen. «Takk, min venn!», svarer ho. Enkelt og herleg med masse mellom linjene.

Eit særtrekk ved teiknestilen til Neverdahl i «I’m a girl, it’s fantastic» er at ho i kvar enkelt historie har brukt ulike teknikkar. Fargepaletten gir boka ein fin heilskap, men stilen gjer det enklare å skilje mellom historiane og gir kvar enkelt av dei ei heilt eigen kjensle. Ho har òg unnlate å viske vekk gamle blyantstrekar. Det gir ei kjensle av autentisitet, av at kvar enkelt bok er teikna og ikkje trykka, til skilnad frå dei klassiske, masseproduserte Donald-teikneseriane ein får kjøpt på matbutikken.

Det einaste som gjer at ikkje Neverdahls nyaste utgiving får toppkarakter, er den fyrste historia. Det er uheldig at den fyrste historia er den som passer dårlegast til tema og som seier minst, særleg når ho er so pass lang. Ho kunne med fordel ha vore skrive om til ei kort innleiing før sjølve hovuddelen, som for å introdusere korleis Neverdahl har tenkt når ho har laga alle dei andre historiane.

Totalopplevinga av «I’m a girl, it’s fantastic» var rett og slett heilt fantastisk. Den sjeldent gode kombinasjonen av tekst og bilete framkalla ei heil spesiell stemning. Det er ikkje anna å seie enn at vi gleder oss til Neverdahl si neste utgjeving, for dette ga verkeleg meirsmak!

LES OGSÅ: «Sjeldan eg har blitt så rørt av ei bok», skriv vår meldar om «Ollis»!