Misunneleg

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Diagnose: Språkmisunning

Innlegget var først hos Studvest

Dei kan skrive nynorsk, utan å sjekke ordboka for kvar setning. Eller dei kan skrive og uttrykke seg på samisk, svensk, somalisk eller indisk, i tillegg til å kunne skrive dei språka eg kan.

LES OGSÅ: Endeleg! Bot på nynorsk

Det gjer meg misunneleg. Eg kan berre uttrykke meg godt på bokmål og engelsk. Eg kan litt spansk, litt tysk og litt fransk óg, men ikkje meir enn at eg kan bestille pizza og takke for maten. Av og til held ikkje det.

For nokre gongar finn eg ikkje dei rette orda. Dei dug verken på bokmål eller engelsk. Då har eg ikkje meir å velge mellom, medan dei som har eit tredje språk har ein ekstra moglegheit. Dei fleste eg kjenner som skriv nynorsk kan nemleg veksle om til bokmål lett som ein plett. Eller velje engelsken, om dei vil ha han. Tre moglegheiter å seie ein ting på. Heldiggrisar.

LES OGSÅ: Er du årets nynorskbrukar?

– Eg angrar på at eg ikkje sette nynorsk som di hovudform då du byrja på skulen, sa mor mi til meg då eg kom heim fra ungdomsskulen og fortalte kor fint eg synst nynorsk var.

Eg er litt sur på ho for at ho lat det bli med tanken. For eg likar framleis nynorsk, eg skulle ynskje eg skreiv nynorsk like naturleg som mine vestlandske vener. Dei fyrer av lyriske strofer i smsar og snapchattar, medan eg sit der med det traurige, kjedelege bokmålet mitt. «Eg har ny raud leppestift!» høyrast gøy og spanande ut. «Jeg har ny rød leppestift!» er ei saksopplysing, med eit litt masande utropsteikn bak.

LES OGSÅ: Ein av fem blir oppmoda til målbyte

Difor prøvar eg innimellom. Eg svarar mine nynorskskrivande vener på nynorsk, eg endrar teksten på Mi side frå bokmål til nynorsk. For eg vil så innmari beherske dét skriftspråket like godt som bokmål. Andre språk freistar ikkje like mykje. Eg har forelska meg i nynorsken.

No sit du kanskje og tenkjer «Herregud for ei rar dame. Ho ville ha nynorsk på skulen, og er lei seg for at ho ikkje kan skrive det flytande!». Til dét seier eg: Raringane er dei som gleda seg til springe 3000 meter i gymmen og framleis skryt av det.

LES OGSÅ: Nynorskelevar skiftar til bokmål på nett