Mindre optimisme i næringslivet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke la NHO, Nav, Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Norge fram Næringsbarometeret for Hordaland.

Her kjem det fram at forventningane til omsetnad, lønsemd og investeringar er lågare enn i mai fjor.

– Det er store skilnader i forventningar mellom regionane i Hordaland. Næringsbarometeret syner mellom anna at Sunnhordland er den regionen med det høgaste og mest stabile forventingsnivået saman med Bergen, men likevel lågare enn 2013. Ser ein på arbeidsløysa i Sunnhordland dei første fire månadene i 2014, er Sunnhordland den einaste regionen i Hordaland der arbeidsløysa har gått ned i høve til dei fire første månadene i 2013, opplyser Geirmund Mæland, rådgjevar marknad i Nav Sunnhordland.

På nivå med 2012

Bedriftsundersøkinga for mai 2014 viser at forventingane i første kvartal av 2014 er lågare enn dei var på same tid i fjor i alle regionane i Hordaland. Den samla forventingsindeksen ligg seks prosentpoeng lågare enn fjoråret, men noko høgare enn i mai 2012. Dette er ikkje dramatisk med tanke på at forventingane i mai 2013 var høge sett i høve til 2012.

Bedriftsundersøkinga viser vidare at forventingane til 2014 er ulikt fordelte i Hordaland. Sunnhordland har det høgste og mest stabile forventingsnivået for 2014 saman med bergensregionen. Størst fall er det i Region Vest der forventingane fall med 22 poeng frå mai i fjor – ein dramatisk reduksjon. Det er trua på auke i omsetnad, lønsemd og investeringar som har minka i vest. Det er grunn til å tru at dei låge forventingane har samanheng med uvisse innan petroleumsnæringa og dei tilknytte næringane i første kvartal i 2014.

Det kraftigaste fallet i forventingar i denne utgåva av Næringsbarometeret er å finna innan bygg- og anlegg. Men indeksen peikar framleis i positiv retning. Om lag halvparten av dei spurde bedriftene trur 2014 blir om lag som 2013. Likevel er det langt færre enn tidlegare som trur på oppgang i året som kjem samanlikna med fjoråret. Den samla forventingsindeksen har falle frå 22 poeng våren 2013 til 9 poeng våren 2014.

Verksemder innan finansiell og forretningsmessig tenesteyting har stor tru på at omsetnaden og lønsemda blir betre i 2014 enn i 2013, viser tal frå Bedriftsundersøkinga. Forventingsindeksen viser 50 poeng for omsetnad og 40 poeng for lønsemd, dette er langt over det ein ser i dei andre næringane. Dei høge forventingane til omsetnad og lønsemd vert ikkje reflektert i tilsetjingar – det er faktisk ein liten nedgang i forventingane til tilsetjingar samanlikna med situasjonen på same tid i fjor. Når det gjeld investeringar, viser Bedriftsundersøkinga at næringa har langt større forventingar no enn i fjor på same tid. I år viser indeksen 14 poeng, i mai i fjor var indeksen nede i seks poeng.

Europa

Medan Europa er i ferd med å henta seg inn att etter år med nedgang, har utviklinga her heime gått motsett veg. Lågare vekst og høgare arbeidsløyse har prega utviklinga siste året. I 2013 vaks den norske fastlandsøkonomi med to prosent, mot 3,4 prosent året før. Samstundes auka arbeidsløysa til 3,5 prosent. Som privatpersonar brukar me dessutan mindre og sparar meir.

På den positive sida har konkurransesituasjonen for norske eksportverksemder vorte betre det siste året. Det syner òg resultata frå NHO sitt økonomibarometer. Ei svakare krone kombinert med fornya vekst i eksportmarknadene har bidrege til dette.

Les saka i Sunnhordland!