– Miljøparagrafen er ikkje symbolsk

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opnar for klima-søksmål

Advokat og styreleiar i Norsk Klimastifting Pål W. Lorentzen kjem rett frå Stortinget då Framtida.no får tak i han. På torsdag skal han diskutere om ein kan saksøke staten for ikkje å ta i vare vår rett til eit leveleg klima, under konferansen «Frå ord til handling?».

Arva frå Brundtland
I 1987 vedtok Brundtland-kommisjonen sju prinsipp for bærekraftig utvikling. Samstundes oppmoda kommisjonen nasjonane til å forankre bærekraft i Grunnlova. Det gjorde Noreg og §110b vart fødd. Denne veka skifta han nummer til §112, etter at nokre av menneskerettane vart inkluderte i Grunnlova.

LES OGSÅ:Grunnlovsmaraton som sakte-tv

Jobben var ikkje gjort av den grunn. Leiar i miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire Mari Gjengedal, meiner miljøparagrafen er ein sovande paragraf, som kunne vore nytta i mykje større grad. Talsperson for Grøn Ungdom, Ingrid Ophaug Dahl, meiner paragrafen har større symbolsk enn rettsleg kraft, og at klimapolitikken har harmonisert dårleg med Grunnlova sidan 1992.

LES OGSÅ:Vil vekke miljøparagraf 110b til live

Høgsterettsdvokat Pål W. Lorentzen har mellom anna fornybar energi og klimarett som kompetanseområde. Han strekar under at miljøparagrafen er rettsleg bindande.

– Paragrafen er bindande, for regjeringa, Stortinget og det norske folk. Det er ei tradisjonell vurdering at paragrafen er symbolsk, men det er ikkje riktig. Heile ordlyden er rettsleg bindande og noko anna er feil å hevde, seier Lorentzen.

Kan saksøke i konkrete tilfelle
Torsdag skal Lorentzen diskutere om ein kan saksøke staten med bakgrunn i miljøparagrafen, under ein konferanse i Oslo. Vi stilte advokaten det same spørsmålet.

– Paragrafen kan nyttast i søksmål, men eventuelle søksmål må vere forankra i konkrete situasjonar.  Her er det ein jobb å gjere for å finne ut kvar og når paragrafen kan nyttast. Eit døme som eg meiner er relevant, er å nytte paragrafen mot Oljefondet når det vert investert i sterkt forureinande verksemder, seier Lorentzen.

LES OGSÅ:– Ein historisk dag for nynorsken

Norsk olje- og gassproduksjon medverkar til utslepp av klimagassar, og klimagassar medverkar til global oppvarming som trugar vår rett til eit sunt miljø. Kan ein saksøke staten for å bidra til klimaendringar?

– Nei, det blir for vagt. Dersom staten gir løyve til oljeutvinning i Lofoten kan det derimot tenkjast at paragrafen kan nyttast. Domstolane må handsame kvart konkrete rettstilfelle, for å finne ut korleis paragrafen kan brukast.

Aktiv plikt
Miljøparagrafen slår for det første fast at ein kvar har rett til eit sunt miljø og at naturens produksjonsevne og mangfald skal ivaretakast. For det andre slår den fast at dette skal gjelde også for komande generasjonar. Og for det tredje slår paragrafen fast at borgarane har rett til kunnskap om veknadane av planlagte og iverksette inngrep i naturen.

LES OGSÅ:– Kongen øydela grunnlovsreform

Lorentzen kjem rett frå Stortinget då Framtida.no snakkar med han, og fortel at representantane nettopp har vedteke eit siste ledd i paragrafen:

– Stortinget har akkurat vedteke eit pålegg om at statens myndigheiter må gjennomføre grunnsetningane i paragrafen. Det betyr at myndigheitene har ei aktiv plikt for at paragrafen blir følgt, fortel han.

TA QUIZ: Kva veit du om Grunnlova?

Faktaboks

Grunnlova § 112

Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.
Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.
Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.