Miljøkrav har minimert syreforureining frå industrien

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lågaste syrenivå på 80 år

Ikkje sidan før industrialiseringa skaut fart på 1930-talet har syrenivået vore så lågt.

Dei oppløftande målingane kjem frå undersøkingar av iskappa på Grønland og er publiserte i tidsskriftet Environmental Science and Technology, opplyser Niels Bohr Institutet ved Københavns Universitet i ei pressemelding.

Syre i atmosfæren kan kome frå store vulkanutbrot og utslepp frå industrien. Historiske syrenivå i atmosfæren kan målast ved å teste kor godt isen leier elektrisitet. Når ein borar seg nedover i isen, kan ein «telje» seg tilbake i tida på same måte som med årringar i tre.

– Vi kan sjå at forureininga av syre i atmosfæren frå industrien har falle drastisk sidan den skaut fart på 1930-talet og nådde toppen på 1960- og 1970-talet, seier postdoc Helle Astrid Kjær ved instituttets Center for Is og Klima. Ho har leidd utviklinga av metoden som blir brukt til å måle syrenivået i isen.

På 1970-talet vedtok både USA og Europa reglar med krav om filter som tok vekk mykje av syreforureininga frå fabrikkar.

– Det er det vi no kan sjå resultatet av. Denne forureininga er no nesten nede på nivået den var før den verkeleg skaut fart på 1930-talet, fortel Kjær. (©NPK)

LES OGSÅ: Miljøtoppar: – Dette er dei største sigrane og nederlaga