– Menneska har aldri kome framover med middelmåtige ambisjonar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

AUF-leiaren sine håp for 2017

– Kva har gledd deg mest i 2016?

– Å opna Hegnhuset – læringssenteret på Utøya. Læringssenteret er allereie vorte vitja av fleire hundre skuleungdomar som skal læra å hegna om verdiane våre. Bygget vart òg kåra til eit av dei 10 viktigaste bygga i 2016 i verda av The Guardian.

– Kva har skuffa deg mest i 2016?

– At populistar, nasjonalistar og høyreekstreme har vunne val i Europa og USA. At politikarar i Noreg spelar på framandfrykt og at verda ser på urettferdigheita i Syria utan å gjera noko.

– Kva er det største ønsket ditt for 2017?

– Rettferd for dei som opplever urettferd, fridom for dei som opplever ufridom og fred for dei som opplever krig. Det høyrest ut som uoppnåelege ønskje, men menneska har aldri kome framover med middelmåtige ambisjonar.

– Kva bok vil du anbefala andre å lesa?

– Eg vil anbefala Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug. Boka er utrulege spennande og handlar om kor langt nokon kan gå for å verna naturen.

Les også intervju med Mani Hussaini frå Utøya i sommar: – Me må ta eit oppgjer med hatet!