Menn tek største vinsten i parforhold

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Par som delar på utgiftene i eit felles hushald oppnår store økonomiske fordelar. Men vinsten blir ikkje fordelt likt mellom partane, slik forskinga ofte går ut frå.

Såleis undervurderer vi den reelle økonomiske ulikskapen, både mellom menn og kvinner og heilskapleg i samfunnet.

Det meiner Aline Bütikofer, førsteamanuensis ved Institutt for samfunnsøkonomi på NHH og forskar knytt til Centre for Empirical Labor Economics (CELE). Ho har sett på dei økonomiske vinstane ved å bu saman, og korleis desse blir fordelte mellom kjønna.

Sparar saman
Bütikofer finn at personar som bur saman i snitt konsumerer for heile 139 prosent av den samla inntekta si. Dette føreset at partane held på preferansane sine frå før dei gjekk inn i forholdet, og såleis verdset materielle ting på same måten som dei gjorde før.

– Det auka konsumet kjem av stordriftsfordelar ved sambuarskapet. Til dømes kan dei dele på kjøken og bad, og både husleige og straumutgifter per person kan gå monaleg ned om ein går frå ein til to, seier Aline Bütikofer.

I Noreg blir det stadig fleire som bur åleine. Ein av fem budde i 2014 for seg sjølv, eller 960 000 personar, i følgje SSB. Dei utgjorde heile 41 prosent av alle hushalda.

Vaksne i kollektiv
– Alle veit at det løner seg å bu saman. I andre land er det også meir utbreidd at vaksne bur i kollektiv. Meir oppsiktsvekkande er det kanskje at det heng saman med økonomisk ulikskap, seier Bütikofer.

Eit mål på stordriftsfordelane i parforhold er kor stor del av den totale inntekta ein partnar må ha for å kunne leve eit like behageleg liv på eiga hand. Om ein berre konsumerer 50 prosent av konsumet av hushaldet, er det altså inga stordriftsfordelar.

– Ved den gjennomsnittlege fordelinga av konsum mellom menn og kvinner, treng kvinner 64 prosent av den totale inntekta for å ha det like bra på eiga hand, medan mennene treng 75 prosent, seier Bütikofer.

LES OGSÅ: Studentar vil bu i kollektiv

Meritokratisk
Eit vanleg utgangspunkt er å tenkje at hushaldet legg heile inntekta si i potten, og at dei så fordeler konsumet ut frå det som ligg i potten. Fordelinga blir med det eit slags mål på forhandlingsmakt i heimen. Bütikofer finn at delen av konsumet kvinna står for, varierer med kor stor del av total inntekt ho bidreg med.

– Menn tener meir, og bestemmer i ein større grad kva hushaldet konsumerer. Når inntekta deira er lik, er konsumet til kvinnene tilnærma lik halvparten.

I studien til Bütikofer ligg kvinnene sin del av konsumet mellom 30 og 60 prosent av totalen.

– Det er altså nokre som får meir enn halvparten, men om lag 30 prosent av kvinnene konsumerer signifikant mindre enn halvparten av det totale konsumet i hushalda, seier ho.

QUIZ: Forstår du deg på økonomi?

Ulikskapar mellom land og hushald
Undersøkinga er basert på tal frå Sveits, i perioden 2000 til 2008. Bütikofer meiner at slike ulikskapar finst også i Noreg. Blant personar på 30 år, tener menn og kvinner ganske likt, medan hjå dei eldre er forskjellane større. Dette er ein trend i mange europeiske land.

Til vanleg skildrar forskarar ulikskap i eit land ved å måle ulikskap mellom hushalda. Men om det i tillegg er ulikskap internt i hushaldet, er den totale ulikskapen større enn det som kjem fram.

Om ein måler forskjellar mellom husstandar, og legg til forskjellane internt i husstandane, blir resultatet 16 prosent større i vårt tilfelle, seier Bütikofer.

Økonomisk tilfredsheit
Noko av det som er nytt for denne vitskaplege artikkelen, er at forskarane brukar data for kor finansielt tilfredse folk er, i staden for den vanlege metoden med konsumentdata. Konsumentdata blir rapportert inn av hushald, som gjev opp kor mange ting og tenester dei konsumerer.

Ved å definere nyttefunksjonar, finn forskarane verdiar for den einskilde si konsumerte nytte. Ei utfordring med dette datagrunnlaget er at det ofte er små utval, samt at det er vanskeleg å avgjere kven i hushaldet som konsumerer kva.

Om hushaldet til dømes kjøper ein ny bil, er det ikkje lett å avgjere kven som har glede av denne. Graden av å vere finansiell tilfreds, derimot, finn ein ved å spørje kvar einskild kor tilfredse ein er med sin finansielle situasjon. Forskarane brukar dette som eit mål på indirekte nytte.

LES OGSÅ: – Tener mindre fordi dei er kvinner

Lykkeleg på ulike måtar
– Vi ville vise at ein kan finne det same med data om finansiell tilfredsheit som ein finn med konsumentdata. Vi har eit panel der vi observerer folk over tid, der dei går inn og ut av parforhold. Gjeve at folk har om lag same vurdering av finansiell tilfredsheit når dei er single som når dei er i eit parforhold, kan vi sjå korleis dei utviklar seg reint finansielt fornøgd, seier Bütikofer.

Funna frå undersøkingar med konsumentdata i mange ulike land seier om lag det same som resultata til Bütikofer frå finansiell tilfredsheit. Konsumet i hushaldet varierer med inntekta til den einskilde.

Ho understrekar at sjølv om dei også har data for ålmenn tilfredsheit og jobbtilfredsheit, er det berre den finansielle tilfredsheita som blir brukt for å måle indirekte nytte.

Folk er lykkelege på så mange ulike måtar. Om vi tek med kor generelt fornøgde dei er, så fell heile modellen saman, seier Bütikofer.

Saka blei først publisert i NHH Bulletin nr. 3 2015 (issuu).