Meldingar frå ei boble

Martin Årseth
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konstituert kulturredaktør i Aftenposten, Veslemøy Østrem, skriv laurdag om dialektane ho gjerne skulle hatt. Ho er lei seg for å «mangla» dialekt og listar opp hennar favorittdialektar. Men den humoristiske hyllesten hennar av mangfaldet er problematisk. Ho dømmer dialektar etter utsjånad og hoppar bukk over utfordringane.

Avstanden mellom «oss» og «dei» kjem til syne i kommentaren, markert med den hypotetiske framstillinga om ei dialekt, fest og bunad framfor kvardag og olabukse, og den geografiske avstanden til dei andre der ute som snakkar dialekt.

Det finst rare kulturredaktørar, utforståelege, klare, sutrete, syngjande, snille, flate og songbare. Stygge kulturredaktørar? Dei finst ikkje.

Ho grunngjev estetikken i dialektane på lista hennar, og det er vanskeleg å få tak på kva krav ho set til ein «fin» dialekt. Somme ser ut til å vera henta frå ein erotisk kioskroman. Sognemål er «melodisk melankoli», sunnhordlandske dialektar er «songbare og sjarmerande», medan dialekten i Midt-Troms er – og dette er min favoritt – «mjuk, men likevel direkte og litt rå».

Ivar Aasen skreiv at dialektane han likte best var sognemål, vossemål og hardingmål, så Østrem er ikkje i dårleg selskap når ho plasserer sognemål og hardingmål blant sine topp tre.

Men dialekt er meir enn ein bunad.

I sin freistnad på å fortelja om dialektmangfaldet, vert ho sjølv eit døme på at det er murar att å riva. Medan Østrem skriv at «i dag er det omtrent like sjelløst å mangle dialekt som det er å gå i olabukse og ikke bunad på 17. mai» er tendensen at fleire og fleire snakkar eit austlandsk som ligg tett til normert bokmål.

Ingen Oslo-dialektar er med på lista. Det sku’ tatt seg ut. Dialektar frå Oslo aust er framleis ikkje «fine», fordi me set estetiske krav til dialektar.

Ei vossejente som får seg jobb i NRK Troms vert møtt med hets, kommentarfelt under kronikkar om språk vitnar om fordommar og kunnskapsløyse og berre skurkar og raringar snakkar noko anna enn riksmålsnært austnorsk i Disney-filmar.