Meir snø – mindre lammekjøt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Problemet starta i slutten av juni, tida då sauene vanlegvis blir slopne til fjells. Vi gjorde ei lita undersøking hjå fylkeslaga tidleg i juli. Både Hedmark, Oppland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland varsla om mykje snø i fjellet. Håpet var at sommaren skulle komme seg og ta unna snøen, men det har ikkje skjedd, seier generalsekretær Olaf Godli i Småbrukarlaget til Nationen.

LES OGSÅ: Kan sauen redde verda?

Han seier bøndene i realiteten har to valmoglegheiter. Den eine er å auke kostnadane ved å kjøpe fôr og betale for transporten. Den andre er å redusere talet på sau. Det siste alternativet vil bety at grunnlaget for neste års produksjon blir redusert, medan dei eldre morsdyra blir tilleggsslakt i år.

– Det er ikkje desse forbrukarane ønskjer seg, dei vil ha lammekjøt. Slaktar ein dei eldre dyra aukar ein tilgangen til det som blir brukt til pølser. Du kan til nød lage pinnekjøtt eller fenalår av det, seier Godli.

Først på seinhausten vil ein ha ein fullgod oversikt over situasjonen, men dersom mange nok bønder vel å slakte morsdyra, kan det føre til lågare tilgang på lammekjøt neste år. (©NPK)