Meir norsk ved høgskulane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I høgare utdanning varierer det mykje frå fag til fag kor stor del av pensum som er på norsk. Skilnaden er òg stor mellom høgskular og universitet, ifølgje Ottar Grepstad.

I 20 år han arbeidd med å utvikla, samla og analysera statistikk som dokumenterer utbreiinga av språk. Dette er no samla i utgjevinga «Språkfakta 2015».

Kvar dag i 20 dagar publiserer Aasentunet eit nytt kapittel på sine nettsider. I dag kan du læra meir om språkstoda ved høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg.

LES OGSÅ: Kulturdepartementet satsar på fagterminologi

Mykje engelsk
I 2010 var 83 prosent av pensum i fem fag på norsk ved høgskulane. Ved dei same faga på universitetet var berre 56 prosent av pensum på norsk.

I absolutte tal var det mange fleire som skreiv masteroppgåver på bokmål eller nynorsk på 2000-talet enn i tiåra før, men det er ikkje tvil om at engelsk er på full fart framover i norsk akademia.

Berre ni prosent skreiv avhandlingane sine på engelsk i 1986. I dag nærmar det seg at halvparten vel engelsk i sitt avsluttande forskingsdokument. Dette går særleg ut over bruken av bokmål, ifølgje Grepstad.

LES OGSÅ: – Bokmål under press frå dialektar og engelsk

Hovud- og masteroppgåver etter språk 1971-2011:

Faktaboks

Fem fantastiske språkfakta:

1. På bachelornivå er tre av fire pensumsider på norsk, på masternivå seks av ti
2. To av ti vitskapleg tilsette i humaniora meiner studentane er bra i engelsk
3. 12 prosent av studentane ved Universitetet i Bergen har nynorsk som førstespråk
4. Fleire studentar i realfag enn i humaniora blir verande nynorskbrukarar
5. I 2004 var 14 prosent av alle standardar frå Standard Norge på norsk, i 2014 sju prosent

Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no

Ottar Grepstad: Språkfakta 2015

Det største verket nokon gong på norsk om utbreiing og bruk av språk

867 tabellar om språk i Noreg og verda gjennom fleire tusen år

19 kapittel, 38 tema-artiklar og eit avsluttande essay

Kvar dag kl. 07.00 i 20 dagar blir eit nytt kapittel publisert på Aasentunet.no

1700 sider i utskrift i A4-format