Med hawaii-shorts i begravelse

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Støre sa eit eller anna om kontantstøtte og barnefamiliar for ei vekes tid sidan. Nøyaktig kva han sa, er som vanlig litt uklart, men han sa det som vanlig påein velformulert og visjonær måte. Det han sa var noko sånt: Det er kanskje påtide åtenke nytt og litt meir fleksibelt om dette med at familiar og barn er ulike og har ulike behov, og dette nye som skal tenkast kan heite kontantstøtte eller noko heilt anna, det er ikkje sånøye, det viktigaste er åtenke og ha opne øyre og auge.

Han sa det sjølvsagt litt betre enn det, men det var det han sa.

Eg ser påmeg sjølv som ein fyr som følgjer med og er sånn passelig engasjert, såeg synest jo at eg burde meine noko om dette. Eg ser at det er mange andre som gjer det.

Sidan Støre strengt tatt heller ikkje meiner noko sjølv enno, han berre opnar for åkanskje meine noko, såmåspørsmålet mitt bli: Kvifor gjer han dette? Kva vil han med dette?

Ofte når eg lurer påkvifor folk gjer det dei gjer, såsamanliknar eg dei med meg sjølv. Eller for åseie det påein mindre egoistisk og meir sympatisk måte: Eg reknar alltid med at eg sjølv ikkje er heilt ulik folk flest. Som folk flest bur eg i by, har litt utdanning, stemmer ved val, ser påtv, går av og til i strømper med høl, bruker internett, liker vennene mine og prøver åvere ein hyggelig fyr.

Sidan eg er såpass lik folk flest, såreknar eg med at måten eg oppfører meg på, sikkert ikkje er heilt ulik måten ganske mange andre oppfører seg på.

Og eg måinnrømme – og eg trur altsåikkje at eg er åleine –at mykje av det eg gjer, gjer eg i håp om at andre skal like det.

Når eg endrar noko i heimen, for eksempel, sågjer eg det fordi eg håper at folk som er innom skal legge merke til det og synest at det er fint. Eg gjer det ikkje for at eg skal låse dørene og vere den einaste i heile verden som veit kor fint eg har det.

Når eg prøver åseie noko morsomt i ein samtale, sågjer eg det i håp om at andre skal synest det er morsomt. Viss ingen ler, såhjelp det ikkje for meg at eg som fagmenneske veit at det eg sa faktisk var morsomt.

Når eg vel klede for dagen, såvel eg noko som eg trur vil slåan og passe anledninga. Og dette er ikkje fordi eg ikkje eig fri vilje. Eg gjer jo dette ogsåav omsyn til meg sjølv. Eg har ikkje mykje lyst til åvere den einaste i svart dress påhawaii-party. Eller den einaste i hawaii-shorts i begravelse.

Påbadet mitt heime heng det ein kalender med bilde av tolv sexy katolske prestar. Denne kalenderen var ein artig ironisk presang frånokre venner som var påhelgetur i Roma. Eg har jo ikkje denne kalenderen hengande påbadet fordi eg synest det er like morsomt åsjåpåhan kvar einaste dag. Han heng der sjølvsagt i håp om at folk som er påbesøk skal legge merke til han, og spørje meg, slik at eg kan fortelje historia bak kalenderen, og slik vise gjestene mine at eg:

a) har mykje venner.

b) har den typen venner som gjerne tek seg ein helgetur til Roma.

c) er ein sånn type som folk tenker påsjølv når dei er påhelgetur i Roma.

d) er trygg nok påmin eigen seksualitet og min eigen ateisme til åha ein slik kalender hengande påbadet.

Såja, eg gjer mykje i håp om at andre skal like det. Og sidan eg altsåtrur at eg er ganske lik folk flest, såreknar eg med at andre har det påden same måten. Kanskje ogsåJonas Gahr Støre. Kanskje har han rett og slett opna for åmeine noko anna enn før, i håp om at fleire skal like han.

Eg trur kanskje det. Jonas Gahr Støre er trass alt ein av dei personane i verden som er minst truande til åmøte opp i begravelse i hawaii-shorts.


Først publisert i Aftenposten 27. september.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!