Me les for dårleg engelsk

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Me er vande med å tenkja at nordmenn har god kontroll på det engelske språket, men kanskje er me ikkje flinke nok. Ei masteroppgåve frå Det utdanningsvitskapelege fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) viser at norske studentar er for dårlege til å lesa engelsk pensum. Det skriv UiO på sine heimesider.

LES OGSÅ: Slutt på nynorskklasse i Stavanger

Vanskelegare med engelsk

Undersøkinga er gjort på 142 studentar ved Universitetet i Oslo, viser at nær 30 prosent av studentane ikkje les engelsk godt nok til å få med seg kunnskapen.

– Fleire av dei eg intervjua meinte at pensum på engelsk var ei langt større utfordring enn sjølve faget dei studerte, seier Elise Arnsby, som står bak oppgåva, til UiO.

LES OGSÅ: Sportsstipend for dataspel

Realistane er verst.

Oppgåva fokuserte mest på studentar som tek realfag, og syner at realistane fokuserer lite på språkferdigheitene allereie frå vidaregåande. Det er ikkje så lurt, ifølgje Arnsby.

– Realfag er langt meir internasjonalt orientert enn til dømes samfunnsfag, og nesten all norsk realfagsforsking blir gjort på engelsk, fortel ho til UiO.

LES OGSÅ: Slik «skriv» du sognemål